Nord-Herøy
Nord-Herøy | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 8,9 km² km²
|
Høgaste punkt | Brannåsen (48 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Nordland
|
Nord-Herøy er ei øy på 8,9 km² i Herøy kommune på Helgeland.
Namnet på Sør- og Nord-Herøy er truleg avleia av norrønt Herøyar av herr, folkemengd, krigarskare.
Mot sørvest ligg Herøysundet med Herøysundet bru til Sør-Herøy. I søraust ligg Alstenfjorden og Alsten i Alstahaug. Mot aust-nordaust ligg Hjartøya. Mot nord ligg Dønnessundet og Dønna. I nordvest ligg Hestøya, med vegsamband vidare til Indre og Ytre Øksningan, Staulen, Seløy og Åkviksundet bru til Dønna.
Kommunesenteret Silvalen ligg ved Herøysundet.
På Nord-Herøy låg garden for futen på Helgeland, seinast frå 1618 og fram mot 1800-talet. Den første kjende helgelandsfuten som budde på denne garden var Petter Jakobson Falk, som i lag med kona Anne Jonsdotter samla seg eit stort jordegods på Helgeland. Garden er nemnd som fødestaden til Petter Dass. Garden vart sidan ein del av Angell-godset. Tidleg på 1900-talet vart garden delt i fleire bruk.
Kjelder:[endre | endre wikiteksten]
- Axel Colevin: Jordegods og storgårder i Nord-Norge. Lokalhistorisk forlag Espa 1989
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.