Nord-Makedonia i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord-Makedonia
EuroMacedonia del Norte.svg
Offisielt Republikken Nord-Makedonia

Makedonska Radio Televizija
Uttakingar
Nasjonalt 9
Internt 5
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 14
Beste resultat
Finalen 5 (2007 og 2008)
Verste resultat
Finalen Sist (2006, 2013 og 2015)
Poeng
Totalt 723

Nord-Makedonia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Ti Ne Me Poznavaš», framført på makedonsk av Marija og Viktorija. Nord-Makedonia har delteke i tevlinga elleve gongar; i perioden 2003 til 2011, 2013 og 2015. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong, arrangert av den makedonske kringkastaren Makedonska radio televizija. Sidan 2013 har bidraga vore valde internt av den makedonske kringkastaren.

Fram til og med 2018, heitte landet Republikken Makedonia, men i Junior Eurovision-samanheng gjekk landet under namnet F.Y.R. Macedonia, grunna namnetvisten med nabolandet Hellas.

Namnendring[endre | endre wikiteksten]

I februar 2019 endra landet namn frå "Republikken Makedonia" (Republika Makedonija) til "Republikken Nord-Makedonia" (Republika Severna Makedonija). Hellas hadde ikkje godtatt at landet hadde namnet "Makedonia" fordi Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas, og Hellas meinte at Makedonia er eit gresk namn.[1] Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under namnet Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (makedonsk Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija). I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet "Nord-Makedonia".[2]

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Poeng Plass
2003 Marija og Viktorija «Ti Ne Me Poznavaš» Makedonsk 019 12
2004 Martina Siljanovska «Zabava» Makedonsk 064 7
2005 Denis Dimoski «Rodendeski Baknež» Makedonsk 068 8
2006 Zana Aliu «Vljubena» Makedonsk 014 15
2007 Rosica Kulakova & Dimitar Stojmenovski «Ding Ding Dong» Makedonsk 111 5
2008 Bobi Andonov «Prati Mi SMS» Makedonsk 093 5
2009 Sara Markovska «Za Ljubovta» Makedonsk 031 12
2010 Anja Veterova «Eooo, Eooo» Makedonsk 038 12
2011 Dorijan Dlaka «Zimi Ovoj Frak» Makedonsk 031 12
2013 Barbara Popović «Ohrid I Muzika» Makedonsk 019 12
2015 Ivana Petkovska & Magdalena Aleksovska «Pletenka» Makedonsk 026 17
2016 Martija Stanojkovikj «Love Will Lead Our Way» Makedonsk, engelsk 041 12
2017 Mina Blažev «Dancing Through Life» Makedonsk, engelsk 069 12
2018 Marija Spasovska «Doma» Makedonsk 099 12

Røystgjeving[endre | endre wikiteksten]

Makedonia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Flag of Serbia.svg Serbia 80
2 Flag of Belarus.svg Kviterussland 70
3 Flag of Russia.svg Russland 65
4 Flag of Malta.svg Malta 64
5 Flag of Armenia.svg Armenia 52
Makedonia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Flag of Serbia.svg Serbia 57
2 Flag of the Netherlands.svg Nederland 35
3 Flag of Malta.svg Malta 34
4 Flag of Albania.svg Albania 32
Flag of Romania.svg Romania

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «FYROM Name Issue». Det greske utenriksdepartementet. Henta 18. desember 2016. 
  2. «Announcement of the Government of the Republic of North Macedonia for entry into force of the Final Agreement, Constitutional Amendments and Constitutional Law for Implementation of Amendments». Влада на Република Северна Македонија (makedonsk). 12. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]