Nord-Troms Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Troms Museum
StadNordreisa kommune
Skipa1979
Kart
Nord-Troms Museum
69°46′02″N 21°01′00″E / 69.76725278°N 21.01660278°E / 69.76725278; 21.01660278

Nord-Troms museum er eit desentralisert museum som har dei seks kommunane i Nord-Troms, Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Nordreisa, Skjervøy og Kvænangen, som eigarar. Museet blei stifta 20. mai 1979.[1] Vedtektene seier at Nord-Troms museum skal arbeide med kulturelle møte og brytingar i fortid og samtid, og at synleggjering av samisk og kvensk kultur er viktig.

Museet forvaltar 65 bygningar som er historisk viktige i eit område som i stor grad blei brent ned under andre verdskrigen.[2] Nord-Troms museum har ei fotosamling på over 30 000 fotografi, som er tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.

Hovudkontoret til museet er i Haltibygget på Storslett i Nordreisa kommune. Her har det ei fast hovudstilling, Møter, og utstillingslokale som viser ulike vandreutstillingar. Halti har også spesialrom som fotomagasin, gjenstandslaboratorium, verkstad og kontor for tilsette.[3]

Hovudmagasinet til museet er i Flerbrukshuset i Burfjord i Kvænangen kommune. Her har museet ei samling på rundt 17 000 regionale gjenstandar som ikkje er stilte ut. Bygget har også utstillingslokale, behandlingsrom for gjenstandar og kontor.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bjørklygården, tidlegare administrasjonsbygg for Nord-Troms museum

Museet blei skipa den 20. mai 1979 av Historielaget i Skjervøy.[2] Ved museumsreforma i 2003 blei mange mindre museumseiningar del av denne større administrative eininga.[2]

Hovudadministrasjonen var lenge i Sørkjosen i Nordreisa kommune, i Bjørklygarden frå 1920-åra. I 2015 flytta han inn i det nye Haltibygget i Nordreisa. Då fekk også museet sine fyrste spesiallaga utstillingslokale.[5]

Anlegg[endre | endre wikiteksten]

Tørfoss kvengard[endre | endre wikiteksten]

Tørfoss kvengard med våningshus frå 1931, Nordreisa kommune

Tørfosstunet ligg i Reisadalen, om lag 15 kilometer frå Storslett i Nordreisa kommune og har som hovudmål å formidle kvensk kultur og historie. Garden Tørfoss blei rydda på 1750-talet og består av våningshus, bårstue, røykbadstue, driftsbygning og tre buer; kjøttbu, oste- og klesbu og reiskapsbu. Røykbadstua er bygd etter den finske skikken i lafta tømmer, og er etter gammal tradisjon plassert i god avstand frå dei andre husa på grunn av brannfaren. Våningshuset på Tørfoss er bygd i 1931, medan ei av buene truleg stammar frå den første busetjinga på 1700-talet. Nært garden finst det også restar av ei tjøremile. Husa er bygd til ulike tidspunkt, og representerer byggemåten i dalen frå 1700-talet til 1940. I husa kan ein finne bygningstrekk som kvenane hadde med seg frå Finland og utvikla i Reisadalen.

Dei første som kom rydda her kom frå Finland på 1700-talet. Namnet på garden er Tørfoss i dag, men andre og eldre namn er Heikka og Kuivakoski som er finske namn. Heikka (Henrik Aronsen f. 1808) gav namn til garden og er etter tradisjonen den første ryddaren. Han budde her frå om lag 1830.[6]

Våningshuset på Tørfoss er bygd i lafteverk i 1931 og kledd med ståande panel. Huset er bygd etter krossplanprinsippet med pipa i midten. Eksteriøret er uvanleg med ein langsgåande veranda som vender mot fjøsen, og ein innebygd balkong i kvar gavlende. Desse innebygde balkongane er heilt unike for Tørfoss. Innvendig er det interessante detaljar i vindusposten. Karmane skrår innover mot rommet, og det er ei renne under vinduskarmen for å samle opp smeltevatn.

Badstua er den første bygningen av tømmer som blei reist på garden, kanskje så tidleg som på 1700-talet. Ho er bygd av lafta furutømmer av kraftige dimensjonar. I Reisadalen var det vanleg å bygge badstua først og så bu der til bustadhuset var ferdig. Badstua på Tørfoss er ei røykbadstue utan pipe, og grua er ein steinomn som består av ein haug lause steinar.[6]

Maursund handelsstad[endre | endre wikiteksten]

Maursund handelsstad i Skjervøy kommune.

Handelsstaden Maursund ligg på Kågen i Skjervøy kommune, sentralt plassert i leia den tida sjøvegen var hovudfartsåre. I dag består anlegget av eit hovudhus frå 1767, eit rekonstruert fembøringsnaust og ein servicebygning. Opphavleg var handelsstaden Maursund ein stor handelsstad. I 1856 blei det tatt branntakst på området, og då var det om lag 20 bygningar som høyrde til handelsstaden. Det blir nemnt stornaust, to fjøs, stabbur, brygge, trandamperi og møllehus. Mot sjøen låg ein stor og typisk nordnorsk hage. Under den tyske tilbaketrekkinga og evakueringa i 1944 blei alle bygningar utanom hovudhuset sprengt bort.

Hovudhuset er eit midtgangshus med fasade mot sjøen, bygd i louis-seize-stil. Dette er tydeleg særleg i portalen. Huset blei freda i 1942, og under restaureringsarbeidet er det tilbakeført til midten av 1800-talet. Tapetane frå 1870 blei avdekte og sende til Tyskland for reproduksjon. Grua på kjøkkenet er restaurert med 40 tonn skiferstein frå Hamneidet. Den opphavlege peisen var blitt banka ned og erstatta med ein smijernsomn. Huset er kvitmåla mot sjøen og raudt på baksida.

Det har budd folk i Maursundet i mange hundre år, og dei første handelsmennene frå Trondheim slo seg til her i starten av 1700-talet. Omkring 1750 kom Hans Peter Giæver som handelsmann på Skjervøy. I 1776 overtok sonen Niels Giæver, og det var under han at handelsstaden hadde storheitstida si. Maursund gard var eit av dei største og rikaste handelshusa i området. Truleg blei hovudbygningen slik han står i dag bygd i denne perioden. Jektefarten med tørrfisk og skinn til Bergen var utgangspunktet for velstanden, og turen til Bergen kunne ta eit par månader. Alle dei store jektene frå Maursund hadde namnet «Nordstjernen», og Maursund var ein av dei siste handelsstadane som dreiv med jektefart. Frå Maursund blei det drive sommarfiske etter sei og fjordfiske etter torsk. Garden tilhøyrde Giæver-familien fram til 1868.[7]

Gamslett fiskarbondegard[endre | endre wikiteksten]

Gamslett fiskarbondegard ligg på Svensby i Lyngen kommune, 500 meter frå ferjeleiet. Gamslett er ein typisk fiskarbondegard som kan daterast tilbake til 1700-talet, og busetjinga i området rundt Gamslett er gammal. Skriftlege kjelder viser at det budde folk her i 1569, og garden hadde fast busetjing i 1610. Gamslett fiskarbondegard består i dag av ei rekke bygningar. Den eldste delen av garden består av stove, stall, lågfjøs, bu og naust. Våningshuset er over hundre år gammalt, og er ei vanleg to-roms stove med bislag, spiskammers og soveloft. Lågfjøsen er ein rekonstruksjon av fjøsen som blei riven under krigen. Naustet som er bygd i 1931 står på same plass som eit åttringsnaust stod tidlegare. På Gamslett er det også ein hage som har tradisjonelle planter og tre frå området.

Gamslett inneheld Alf Gamsletts samlingar. Han levde heile livet på garden, og begynte innsamlingsarbeidet i 1930-åra. Han utførte eit systematisk arbeid som resulterte i utstilling i eige hus, og det blei sett på som eit lite bygdemuseum. Gjenstandane gjev eit innblikk i livet til folka som levde her, og kvardagen til fiskarbonden. Gjenstandane finst i magasinet som er bygd i tilknyting til anlegget

Holmenes sjøsamiske gard[endre | endre wikiteksten]

Holmenes ligg i Kåfjorddalen inst i Kåfjorden, og gjev ein dokumentasjon omkring sjøsamisk levesett i Nord-Troms, og er frå midten av 1800-talet. Drifta ved garden var tilpassa dei ressursane som fanst i utmark, innmark og på havet.

På Holmenes er det fleire bygningar som fortel om ulike byggeskikkar og tradisjonar innan den sjøsamiske kulturen. Våningshuset er bygd i lafta furutømmer og er restaurert slik det var omkring 1900. Ved sidan av står ei vedskjå i stavkonstruksjon og to buer i lafta older med skjåer i endane. Buene blei brukt til lagring av klede og til å sove i om sommaren, medan skjåene blei brukt til lagring av mat. I avstand frå våningshuset står ein rekonstruksjon av det eldste driftsbygningsanlegget. Stallen, ein liten lafta bygning i older, gav plass for ein lyngshest. Høyløa er bygd i ein kombinasjon av lafta oldertømmer og stavkonstruksjon. Sau- og kugammen er bygd av krumvekste bjørkesperrer og kledd med trevirke, never og torv. På grensa mellom innmark og utmark står sommarfjøsen. Nede i fjæra i Birtavarre er det ei fjærbu som viser at garden hadde ei tilknyting til havet.

Ved garden held museet i hevd den gamle sjøsamiske tradisjonen med greneveving. Grena blir voven på den spesielle oppstadveven, ein vevtradisjon med røter tilbake til det sentrale Europa

Marknadsplassen i Skibotn[endre | endre wikiteksten]

Marknadsplassen i Skibotn.

Marknadsplassen ligg inst i Lygenfjorden, like ved dagens E-6. Marknaden som blei arrangert her var den største i Nord-Troms gjennom fleire hundre år, og marknadsplassen hadde ei rekke små og store marknadsbuer der det kvart år blei drive handel. Markandsplassen består av originale og rekonstruerte buer. Dei gamle buene har stått på plassen sidan 1880-åra, og den store Rasch-garden som ligg like ved er frå rundt 1840.

Ein veit ikkje sikkert kva tid marknaden i Skibotn starta, men det finst kjelder som fortel om handel i Skibotn i 1608. På 1700-talet var her to marknader i året, begge om vinteren. Seinare auka talet på marknader til tre. Marknaden var ein viktig møteplass, og her møttest handelsfolk, småbrukarar, fiskarar, kvener og samar. Marknaden var eit møte mellom tre etniske folkegrupper, med tre ulike språk og kulturar. Det blei omsett varer som ryper, rein, kaffe, sukker, mjøl, fisk og ullprodukt. Marknadshandelen slutta på midten av 1950-talet.

Den læstadianske vekkinga frå 1850-talet fekk tidleg fotfeste i Skibotn. Bedehuset blei reist på 1890-talet, og marknaden blei også samlingsstad for læstadianske stemne.

Dalstuene[endre | endre wikiteksten]

Dalstuene, også kalla som Skogstuene, ligg inst i Kvænangsbotn i Kvænangen kommune. Dei omfattar tre tømmerhytter: Gammelstua frå 1880-talet og Stallen og Nystua frå tidleg 1900-tal. Dei er bygde i typisk kvensk stil, av tømmer med bordkleding mellom hyttene. Staden er berre tilgjengeleg til fots.[8]

I 2011 blei området dei ligg i verna som Kvænangsbotn landskapsvernområde.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Museet – Nord-Troms Museum (på norsk bokmål), henta 2. januar 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 Museets historie – Nord-Troms Museum (på norsk bokmål), henta 3. januar 2023 
  3. Halti (på norsk bokmål), Nord-Troms museum, henta 3. januar 2023 
  4. Flerbrukshuset i Burfjord (på norsk bokmål), Nord-Troms museum, henta 3. januar 2023 
  5. Solvang, Ola (24. oktober 2015), «Inge har lengtet i 40 år. I dag åpnet drømmehuset hans», Nordlys (på norsk), henta 3. januar 2023 
  6. 6,0 6,1 En kvengård i Reisadalen. Fotefar mot nord. ISBN 82-7819-006-2
  7. Jon Henrik Lie og Fin Serck-Hanssen 2008: Væreiere og nessekonger. Handelssteder mellom Rørvik og Varanger
  8. 8,0 8,1 Dalstuene – Nord-Troms Museum (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]