Nordamerikansk strukturalistisk fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utbreiinga av innfødde språk i Nord-Amerika før den europeiske innvandringa

Dei fremste namna i nordamerikansk strukturalistisk fonologi er Edward Sapir (1884–1939), Leonard Bloomfield (1887–1949), W. Freeman Twaddell (1906–1982), Zellig S. Harris (1909–1992) og Charles F. Hockett (1916–2000). Jamt over kan det seiast at nordamerikansk strukturalistisk fonologi er prega av meir praktiske problemstillingar enn til dømes Praha-fonologien. Sapir, Bloomfield og Hockett og mange andre nordamerikanske lingvistar nytta mykje tid på å beskrive innfødde amerikanske språk (indianarspråk), og tilnærminga deira til fonologien er prega av dette. Sapir og Hockett var både lingvistar og antropologar.

Edward Sapir[endre | endre wikiteksten]

Edward Sapir publiserte i 1925 artikkelen «Sound patterns in language».[1] Dette er eit tidleg bidrag til fonologien, der Sapir demonstrerer skilnaden mellom fonetikk og fonologi. I prinsippet kan to språk ha meir eller mindre dei same fonane, men likevel kan fonane i dei to språka danne heilt ulike fonologiske «mønster» av fonem, og to språk med meir eller mindre dei same fonema kan veldig ulike fonar, ved at fonema er realisert forskjellig.

Leonard Bloomfield[endre | endre wikiteksten]

W. Freeman Twaddell[endre | endre wikiteksten]

W. Freeman Twaddell publiserte i 1935 den teoretisk interessante artikkelen «On Defining the Phoneme».[2] Talet på ulike distinktive segment varierer ofte sterkt mellom ulike fonologiske omgjevnader. Twaddell postulerte difor eit fonemsystem for kvar omgjevnad, system av det han kalla mikrofonem. På grunnlag av fleire system av mikrofonem kunne ein så ta steget vidare og postulere eit system av makrofonem, som ei generalisering over alle systema med mikrofonem, men dette steget kan ofte vere problematisk. Trubetzkoy løyste det same problemet ved å hevde at når visse omgjevnader hadde færre fonem enn andre, var det snakk om nøytralisering av visse opposisjonar. Meir praktisk orienterte nordamerikanske fonologar valde ei tredje løysing, styrt av prinsippet ein gong eit fonem, alltid eit fonem: språket har berre eitt system av fonem, og dei nemnde skilnadene mellom ulike omgjevnader handla berre om at ulike fonem har ulike distribusjon.

Zellig S. Harris[endre | endre wikiteksten]

Zellig S. Harris publiserte i 1951 boka Methods in Structural Linguistics, der han presenterer objektive kriterium for å nå fram til ein lingvistisk analyse, såkalla oppdagingsprosedyrar (engelsk discovery procedures). Teoretisk interessant er mellom anna det han kallar lange komponentar i fonologien (engelsk long components), som svarar til det den britiske lingvisten John Rupert Firth kalla prosodiar.

Charles F. Hockett[endre | endre wikiteksten]

Charles F. Hockett publiserte i 1955 boka A Manual of Phonology.[3], som byggjer på den fonologiske teorien til Lingvistkrinsen i Praha, men vi finn nytt stoff om stavinga og lange komponentar.

Kenneth Lee Pike[endre | endre wikiteksten]

Nemnast bør òg lingvisten og antropologen Kenneth Lee Pike (1912–2000), som mellom mykje anna gav grunleggjande bidrag til studiet av tonespråk, og innførte skiljet mellom konturtonar og registertonar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sapir, Edward Sapir 1925. Sound patterns in language. Language 1: 37–51.
  2. W. Freeman Twaddell 1935. On Defining the Phoneme (Supplement to Language: Journal of the Linguistic Society of America. Language Monographs, Number 22. )
  3. Charles F. Hockett 1955. A Manual of Phonology. Indiana University Publications in Anthropology and Linguistics 11.