Nordazerisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordazerisk
(Azerbaijan, Azerbaydzhani, Azeri Turk)
Andre namn: nordaserbajdsjansk
Klassifisering: tyrkisk
  sørtyrkisk
   aserbajdsjansk
Bruk
Tala i: Flag of Azerbaijan.svg AserbajdsjanFlag of Armenia.svg ArmeniaFlag of Georgia.svg GeorgiaFlag of Russia.svg Russland
Nordazerisktalande i alt: 7 500 000
Språkkodar
ISO 639-3: azj

Nordazerisk eller nordaserbajdsjansk er eit tyrkisk språk som er offisielt språk i Aserbajdsjan og elles blir talt i tilgrensande regionar i nabolanda Armenia, Georgia og Russland . 6,1 millionar aserbajdsjanarar skal ha språket som førstespråk (2001).[1] I Aserbajdsjan blir språket skrive med latinske bokstaver; i nabolanda kan språket òg bli skrive med kyrillisk skrift.

Nokre vil rekne språket som ein dialekt av aserbajdsjansk, men ISO registerer søraserbajdsjansk og nordaserbajdsjansk som to atskilte språk. Talarane av dei to språktypane er rekna som éi etnisk gruppe.

Dei som brukar språket, kan kalle det for «Azərbaycan Türkcəsi» (aserbajdsjansk tyrkisk).

Referansar[endre | endre wikiteksten]