Norddalsfjorden i Flora

Koordinatar: 61°37′57″N 5°19′1″E / 61.63250°N 5.31694°E / 61.63250; 5.31694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°37′57″N 5°19′1″E / 61.63250°N 5.31694°E / 61.63250; 5.31694

Norddalsfjorden
fjord
Bygda Norddalsfjord ved Norddalsfjorden.
Foto: Hjorthefoto
Land  Noreg
Fylke Vestland fylke
Kommune Kinn kommune
Kart
Norddalsfjorden i Flora
61°37′57″N 5°19′01″E / 61.6325°N 5.31694444°E / 61.6325; 5.31694444
Wikimedia Commons: Norddalsfjorden, Kinn (fjord)

Norddalsfjorden er ein fjord i Kinn kommune i Vestland fylke. Fjorden er ei fortsetjing av Botnafjorden nordaust for Florø og strekkjer seg 17 km nordaustover.

Fjorden har innløp Store og Litle Terøya på nordsida av Grønenga. Bruka Haukå og Bjørnset ligg på kvar si side av fjorden like aust for innløpet, men frå her og nokre kilometer austover er det berre små, isolerte gardar langs fjordsidene. Mellom Grovaskjeret og Straumsnesodden kryssar riksveg 614 fjorden via Norddalsfjordbrua, som har ei lengd på 401 meter. Denne erstatta ferja mellom Bjørnset og Haukå i 1987.

Aust for brua ligg Norddalsøya og aust for denne igjen ligg bygda Norddalsfjord eller Norddal på nordsida av fjorden. Fjorden held fram austover eit lite stykke til og inn til garden Øya. Frå Norddalsfjordsbrua og austover går Fylkesveg 544 på nordsida av fjorden.