Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger
| Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger | |||
| Rutenummer | 1190 (Skyss) | ||
|---|---|---|---|
| Trasé | Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger | ||
| Rutenett | Båtsamband i Vestland Kommunale ferjer i Vestland | ||
| Forvaltar | Skyss | ||
| Trafikkselskap | Norled | ||
| Oppretta | 2000 | ||
| Tidlegare trasé | Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide | ||
| Overtok for | Ortnevik-Måren-Nordeide | ||
| Tidlegare driftselskap | Fjord1 | ||
| Kommune | Høyanger, Vik | ||
| Fylke | Vestland | ||
![]() Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger 61°08′30″N 6°03′21″E / 61.1416935°N 6.0558862°E | |||
Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger er eit ikkje-gjennomgåande bilførande båtsamband i Sognefjorden, og er eit produkt av at det tidlegare ferjesambandet Ortnevik-Måren-Nordeide vart slegen saman med rutebåten mellom Ortnevik og Vik. Seinare vart Høyanger lagt til sambandet. Kombibåten på sambandet har eit lite bildekk med plass til lette køyretøy. I mange tilfelle må både stopp og bilplass førehandstingast, sjå Skyss.
Kjernekorridoren med flest avgangar går som kommunal ferje mellom Ortnevik, Måren og Nordeide i Høyanger kommune. Einskilde avgangar frå Ortnevik-Måren-Nordeide går vidare til og frå Høyanger kai. I tillegg går einskilde avgangar Nordeide-Måren-Ortnevik vidare til og frå Vetlesand, Sylvarnes, Vollevik, Finden, Geithus, Otterskred og Vik, der ingen av stoppa mellom Ortnevik og Vik kan ta bilar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 86. ISBN 978-82-91722-93-1.
Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
