Nordens Institut i Finland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordens Institut i Finland (Nifin) var eit nordisk kulturinstitutt i Helsingfors under Nordisk Ministerråd. Føremålet til instituttet var å spreia kjennskap om nordiske språk og kulturar i Finland, og dessutan å formidla viten om finsk språk og kultur til resten av Norden. Vidare koordinerte Nifin i samarbeid med dei øvrige nordiske husa og institutta eit kultursamarbeid med naboane til Norden i Baltikum og det nordvestlege Russland.

Nifin rådde over eit nordisk spesialbibliotek med rundt 16 000 titlar fordelt på både skjønns- og faglitteratur og dessutan av-materialar. Biblioteket var ope for alle.

Instituttet heldt kulturelle arrangement, som forfattarkveldar, utstillingar og forelesninger om nordiske emne, og det hadde eit breitt samarbeid med andre organisasjonar og kulturinstitutt. Dessutan arrangerte Nifin seminar og språkkurs og publiserte materiale om Norden og nordiske språk, både på nettet og i trykt form.

Instituttet hadde ein del utadrettet verksemd, særleg rett mot skular og utdanningsinstitusjonar i Finland.

Nifin vart grunnlagt i 1997 og låg sentralt i Helsingfors på Kajsaniemigatan i bygninga til Den nordiske investeringsbanken.

Den 1. januar 2012 vart Nifin slått saman med Kulturkontakt Nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]