Norderhov gamle prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norderhov gamle prestegard som i dag rommar Ringerikes Museum.

Norderhov gamle prestegard (opphavleg Njardarhov) ligg på Norderhov i Ringerike kommune, like ved Norderhov kyrkje frå mellomalderen. Garden, som i ei tid var den største garden på Ringerike, er uløyseleg knytt til slaget på Norderhov natta til 29. mars i 1716. Ein kan framleis sjå kulehola i veggen på Svenskestua etter trefninga mellom nordmenn og svenskar. Han er også knytt til paret Anna Colbjørnsdatter (ca. 1667-1736) og ektemannen, prest og historikar Jonas Ramus (1649–1718), som eigde garden og budde her då slaget fann stad.

Kor gamal garden er veit ein ikkje sikkert, men han er truleg svært gamal av opphav. Dei eldste delane av dagens våningshus blir datert til slutten av 1500-talet,[1] men det er utvida fleire gongar sidan. Hovudbygningen, som vart pussa opp utvendig i 2000, har ca. 850 kvadratmeter veggflater og 50 vindauge, som er delvis småruta med 12 eller 16 glas. Garden har særs høg verneverdi grunna sin høge alder. Bygningen er eit særs viktig element i eit kulturmiljø som blir vurdert å vere av nasjonal verdi. På tunet står òg den såkalla Munkestua, som truleg er frå perioden før 1650. Det er likevel lite som talar for at det nokon gong har budd munkar der. Bygningen står dessutan ikkje på sin opphavlege plass, men er flytta dit.

Prestegarden var før reformasjonen i 1536 delt i to garder: Øvre Njardarhov (prestegard) og Nedre Njardarhov (kapitelgard). Ved eit makeskifte i 1575 vart dei to gardane igjen samla til ein. Denne fungerte fram til han vart museum som prestegard i Norderhov prestegjeld og prostesete på Ringerike.

I dag rommar våningshuset på den gamle prestegarden Ringerikes Museum (inkludert Hjemmestyrkemuseet distrikt 14.2) og Buskerud fylkesfotoarkiv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]