Nordfjorden i Mistfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordfjorden er ein fjordarm av Mistfjorden i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordaustover.

Fjorden har innløp mellom Bukklemmen i nord og Steinodden i sør. Fjorden er omgjeve av bratte og høge fjell og fleire av dei stig bratt opp til over 900 meter over havet. Det høgaste av desse er Kjerringtinden inst i fjorden på 959 meter over havet. Det er ingen busetnader ved fjorden.