Nordfjordingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Springaren Nordfjordingen eller Nordfjorden er kjend i heile hardingfeleområdet. Slåtten er eit døme på korleis ein etter måten stutt springar med tydeleg avgrensa vek har vore bygd ut og brigda om i tradisjon etter ymse spelemenn. Slåtten har vore ovende populær som danseslått og konsertnummer, og ein periode var springaren obligatorisk som kappleiksnummer – alle spelemenn var forplikta å kunne slåtten.

Namnet skriv seg truleg frå Norafjorden eller Osterfjorden, ytst i Sogndalsfjorden, meinte Arne Bjørndal. Han rekna med at det var Knut Lurås som i si tid lærde slåtten av spelemenn på Vestlandet og førte han inn i telemarkstradisjonen, der han vart bygd ut til den storforma som er nytta mest i dag. Storforma frå Telemark vart sidan teken opp att i Hardanger, mellom anna av Halldor Meland. Arne Bjørndal skreiv og ned nokre stev som er knytt til slåtten på Vestlandet.

Bjørndal skriv: Slaatten er eigentleg bygd paa tvo folkevise-motiv som seinare hev vorte instrumentalt utforma og utfyllt på hardingfela.... Hordaland er heimstaden hans, og namnet er henta frå Nordhordland. Mot denne teorien kan ein setja at slåtten finst mest overalt i landet, og han er funnen att som pols i Østerdalen.

Slåtten er skriven ned i mange former, og hardingfeleverket syner berre eit utval av desse. Det finst mellom anna ei form etter Myllarguten, skriven ned av Carl Schart i Bergen 1850 (Utgjeven i heftet VIII Norske slaatter for Hardangerfele, Bergen 1865).

Valdreskvelven[endre | endre wikiteksten]

Namnet som er nytta på slåtten i Valdres, Valdreskvelven, er knytt til eit bryllaup i Ådal i 1771, der ein av båtane i brurefølgjet gjekk rundt på veg over Sperillen. Fem menneske drukna i den ulukka. Spelemannen i dette laget, Ole Garthus, Garthusguten dei kalla, skal ha spela nett denne låtten då båten han sat i gjekk rundt. I Sør-Aurdal er namnet Garthusguten og nytta på slåtten. Segna fortel at Garthusguten hadde bela til brura og ikkje fått ho. Han er elles farbror til spelemannen Harald Langåker på Nes i Hallingdal. Ein lyt elles merke seg at slåtten ikkje er registrert i særleg grad i Hallingdal.

Om vi her snakkar om same slåtten, har tona vore kjend på Austlandet i det minste sidan andre halvdelen av 1700-talet.

I si mest einfelte form har springaren mykje sams med ein masurka, og kan spelast slik.

Formoppbygging[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Nordfjorden ein einfelt lått med to vek, kvar av dei på åtte takter. Det eine veket vart spela på ”grovt og grant”, medan det andre vart spela som eit slag mellomspel. Dette kjem mest tydeleg fram i forma etter Ola Mosafinn, som ligg nærast den opphavlege vestlandsforma. Slåtten i si mest elementære form er då om lag 24 takter lang. Formene frå Telemark har sprengt dei opphavlege åttetaktsveka og brigda dei ut i langt vidarespinningsparti, som kan delast opp i bolkar på to og to takter (totaktsperiodikk).

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har lista opp variantane av slåtten under nr 517, med ni variantar i alt.

  • a:Den gamle Valdreskvelven, etter Ola Bøe, Vestre Slidre [1]. Nedskrift Sven Nyhus. Ola Bøe lærde slåtten etter Andres Øde, Vestre Slidre. Slåtten følgjer åttetaktsforma i vek I, men brigdar meir i vek II.
  • b: Valdreskvelven, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre [2]. Nedskrift Sven Nyhus. Arne Bjørndal skreiv ned ei nærskyld form etter Ola Okshovd, og Eivind Groven ei etter Olav R. Berge. Same formprinsipp som i a, men slutt-veket er henta frå ein annan slått.
  • c:Nordfjorden, etter Sevat Sataøen, Ål [3]. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1356). Bjørndal skreiv ned ei nærskyld form etter Andreas Hauge frå Valdres. Denne forma ber i seg kimen til den store telemarksforma.
  • d: Nordfjordingen, etter Paul Lia, Flesberg [4]. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Forma skal vera etter Eivind Spellemann. Følgjer same formoppbygging som c.
  • e: Ole Skogly, etter Johan Kleven, Krødsherad [5]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 10). Skogly hadde truleg slåtten etter Knut Fosslia. Kleven spela fleire former av slåtten. Denne er svært symmetrisk, og bryt ikkje åttetaktsperiodikken. Slåtten er bygd ut med fleire ristetak enn dei førre formene.
  • f: Nordfjorden, etter Johannes Dale, Tinn [6]. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1333). Nærskylde former etter Gunnulv Borgen og Torkjell Haugerud. Forma er rikare på totaktsperiodar, og lengre enn dei førre.
  • g: Nordfjorden, etter Einar Løndal, Tuddal [7]. Nedskrift Eivind Groven 1959 (G 1116). Dette er den klassiske ”storforma” av slåtten som har vore nytta som bravurnummer på kappleik av mange spelemenn i Telemarkstradisjon.
  • h: Nordfjorden, etter Ola Mosafinn, Voss [8]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B N sl. 12). Nils Brakvatn spela og denne forma. Mosafinnforma av Nordfjorden lyt ein rekne som den mest opphavlege av alle formene.
  • i: Nordfjorden, etter Anders S. Kjerland, Granvin [9]. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Kjerland hadde fått slåtten attende frå Telemark i ei større utgåve, som og var nytta av Halldor Meland.