Nordgulfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordgulfjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Kart
Nordgulfjorden
60°59′27″N 5°10′26″E / 60.99092694°N 5.17387389°E / 60.99092694; 5.17387389

Nordgulfjorden er ein fjordarm av Gulafjorden i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden. Han har ei lengd på 4 km og strekkjer seg frå sør til nord.

Fjorden har innløp mellom Øskjeneset i aust og Bøneset i vest. To nes stikk ut i fjorden frå austsida, Mjåneset i sør og Skarpeneset lenger nord. Ved Skarpeneset er fjorden berre 50-60 meter brei. Nord for Skarpeneset vert fjorden kalla Nordgulvågen og her ligg bygda Nordgulen.

Riksveg 57 går langs austsida av fjorden, medan fylkesveg 7 går på vestsida.

Sør for Øskjeneset ligg innløpet til Austgulfjorden.