Nordhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordhordaland)
Sjå òg avisa Nordhordland

Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midhordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss

Nordhordland er eit distrikt nord i Hordaland fylke, som ikkje har nokre klart definerte grenser. Kommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje og Masfjorden nord for Bergen vert alltid medrekna. Desse kommunane kan reknast som eit kjerneområde med Knarvik som kommersielt sentrum og Mongstad som industrielt sentrum. Som oftast vert også Modalen kommune medrekna og i større eller mindre grad også Osterøy, Vaksdal, Øygarden og Gulen (sistnemnde i nabofylket Sogn og Fjordane).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste grensene til Nordhordland er ikkje kjende, men frå 1600-talet vart dei nokså faste. Den opphavelege nemninga var Nordhordlen, som seinare vart til Nordhordland futedøme (fogderi) under Søndre Bergenhus amt. Etter den noverande kommuninndelinga femna Nordhordland då om:

I 1773 vart Eivindvik flytt frå Nordhordland og lagt til Sogn og i 1866 vart Vikafjorden-Bolstadfjorden flytt frå Voss til Nordhordland[1]

Midt på 1800-talet vart Midhordland oppretta som domssokn og prosti, ved frådeling av søre delen av Nordhordland og nordre delen av Sunnhordland.[2] Det innsnevra Nordhordland femna då om:

  • Masfjorden
  • Modalen
  • Vaksdal (unnateke øvre Eksingedalen og Bergsdalen)
  • Osterøy
  • Lindås
  • Meland
  • Radøy
  • Austrheim
  • Fedje
  • del av Askøy (Herdla sokn og Hanevik krins)
  • Øygarden
  • del av Fjell (øyane Turøy og Misje)
  • del av Bergen (bydelane Arna og Åsane)

Samstundes vart Nordhordland futedøme utvida til å omfatte også heile det nye Midhordland. Det er likevel mest den innsnevra definisjonen av distriktet som har halde fram inn til våre dagar. Futedømet vart nedlagt på byrjynga av 1900-talet, men Nordhordland domssokn held fram den dag i dag og vart i 2006 utvida att, då domstolane i Midhordland og Voss vart nedlagde. Nordhordland prosti vart i 1886 delt, og den austre delen danna Osterøy prosti som i 1975 vart nedlagt.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ivar Medaas og Åslaug Låstad Lygre er to viktige kulturpersonlegdomar frå Nordhordland.

Massemedium[endre | endre wikiteksten]

I kjerneområdet finst to konkurrerande aviser, Nordhordland og Strilen. Dei dekker også Gulen kommune, og i tillegg dekker avisa Strilen også Modalen kommune.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]