avisa Nordhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordhordland (avis))

Nordhordland er ei avis som kjem ut i Lindås i Nordhordland i Vestland fylke. Avisa dekker seks kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane: Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Masfjorden, Fedje og Gulen. Avisa er den største lokalavisa i distriktet, og konkurrerer med avisa Strilen, som òg dekkjer området Nordhordland.

Strilen, som er fleire år eldre, vart passert som den største avisa i regionen i 2004.

Avisa Nordhordland vart etablert i 1974, og gav ut si fyrste avis 20. november 1974. Avisa kjem ut to gonger i veka.

Offisielle lesartal frå Forbruker og Media viser at avisa har 19 000 lesarar av papirutgåva, og 7 000 lesarar av nettutgåva.[1]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 4 497
2001 4 481
2002 5 265
2003 5 870
2004 6 247
2005 6 449
2006 6 294
2007 6 294
2008 6 384
2009 6 303
2010 5 994
2014 5 334

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. mediebedriftene.no, arkivert frå originalen 5. april 2015, henta 21. april 2015 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]