Nordishavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Nordishavet.
Topografisk bilde av havet. (Kjelde: NASA)

Nordishavet eller Polhavet er det minste, grunnaste og nordlegaste av dei fem verdshava. Det ligg i det arktiske området rundt Nordpolen.

Trass i at det er så kaldt, er havet svært rikt på liv. Det gjev næring til mikroorganismar som igjen blir mat for fiskestimar og kvalar. Av denne grunnen har ein drive mykje fiske i Nordishavet.

Oseanografi[endre | endre wikiteksten]

Havbotnen[endre | endre wikiteksten]

Nordishavet har ei flatevidd på 14 090 000 km² og ei gjennomsnittsdjupn på 1 038 meter, noko som gjer det til det grunnaste verdshavet. Ein viktig grunn til dette er den eurasiske kontinentalplata som strekkjer seg langt nordover.

Havet er delt i to av den undersjøiske Lomonosovryggen. Den største djupna er Frambassenget, som går 4 665 meter under havoverflata.

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste vasskjelda er Norskestraumen, siste delen av Golfstraumen, som går langs den eurasiske kysten. Vatn kjem òg inn frå Stillehavet gjennom Beringsundet, medan Aust-Grønlandsstraumen står for det meste av det utgåande vatnet.

Is i havet[endre | endre wikiteksten]

Frose ishav. (Kjelde: NOAA)

Store delar av havet er islagt, også om sommaren. Dette gjer det vanskeleg å segla i, men skaper eit opphaldsområde for isbjørn, kvalross og selar. Det er teikn som tyder på at isen i Nordishavet kan forsvinna om sommaren, noko som trugar dyra som lever der. Dette gjeld særleg isbjørnen, som er eit landdyr, og som no kan koma til å bli utrydda.

Ressursar[endre | endre wikiteksten]

I Nordishavet finst mange naturressursar, både i form av dyreliv, som fisk og havpattedyr, mineral, som metall, sand og grus, og petroleumsfelt. Dei sistnemnde i den politiske dødsona midt i havet har ført til politisk usemje blant land som meiner dei har krav på henne – Danmark, Canada, Noreg, Russland og USA.

Isbjørnar nær Nordpolen.
Foto: Alphonso Braggs/US-Navy }

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Om lag 50 artar sjøfugl rugar ved Nordishavet, blant dei alker, stormfuglar, måsar, skarvar, terner og somme rovfuglartar. I månadene juni og juli hekkar fuglar i store koloniar på fuglefjell ved kysten. Fuglane får si føde frå havet. Av selar er det åtte artar i regionen, og nokre av desse føderdrivisen. Den største selarten i Nordishavet er kvalrossen som blir opptil fire meter lang og eitt tonn. Selane vert jakta på av isbjørnen. Han jagar først og fremst mindre selartar. I havet finst m.a. kvalartane grønlandskval, narkval og kvitkval.

Det viktigaste plantelivet i Nordishavet er fytoplankton, som finst i store mengder i området. Fyroplanktonet får næring frå elvane som munnar ut i havet og frå havstraumar frå Atlanterhavet og Stillehavet.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nordishavet er omkransa av landmassar frå Noreg, Russland, Alaska, Canada, til Grønland.

Fleire nordgåande elvar renn ut i havet, særleg frå Sibir. Petjora, Ob, Jenisej og Lena er nokre av dei største.

Isbrytar i Nordishavet.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Dei russiske byane Murmansk og Arkhangelsk er dei viktigaste hamnene til havet. Andre hamnebyar er Churchill og Inuvik i Canada, Prudhoe Bay og Barrow i USA, Pevek, Tiksi, Dikson og Dudinka i Russland og Kirkenes og Vardø i Noreg.

Nordvestpassasjen og Nordaustpassasjen er sjøvegar som kan brukast om sommaren. Nordishavet er òg ei viktig flyrute fordi det er den kortaste vegen mellom Europa og Stillehavskysten av Amerika.

Øyar og øygrupper i Nordishavet[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordishavet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Physical Nutrients and Primary Productivity Professor Terry Whiteledge. National Oceanic and Atmospheric Administration.