Nordisk Tidende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordisk Tidende var ei norskspråkleg avis i USA som var grunnlagd i 1891 og lagt ned i 1983.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avisa vart grunnlagd av Emil Nilsen, ein innvandrar som kom til USA i 1887 for å søkja lukka. Som var tidlegare boktrykker med sans for avisdrift var det naturleg at han starta ei avis for nordmenn i det nye heimlandet sitt. Han såg at det var eit behov for nordmenn i New York-området med nyhende frå «Gamlelandet» skrive på norsk, og slik vart Nordisk Tidende starta. Første utgåve kom ut 3. januar 1891.

For å fanga interessa til lesarane fylte han avisa med stoff som rykte, skandalar og mordhistorier, som var populært stoff på den tida. Etterfølgjarane hans innførte ein høgare standard og meir profesjonell jounalistikk, og avisa utvikla seg til ein respektert publikasjon som kunne tilby lesarane sine kulturelt stoff og nyhende frå to kontinent.

I 1930 var det 63 000 innbyggjarar i Brooklyn som kunne skilta med norsk avstamming. Avisa vart hovudkjelda til desse for nyhende frå Noreg, men det var først under andre verdskrigen at lesarane oppdaga kor viktig denne nyhendekjelda hadde vorte.

Nordisk Tidende var den einaste frie norske avisa som vart utgjeve under krigen og den einaste usensurerte med dei siste nyhenda frå det okkuperte Noreg. Blant skribentane til avisa var nobelprisvinnaren Sigrid Undset.

Nordisk Tidende hadde fleire redaktørar gjennom åra, men den mest markante må seiast å ha vore Carl Søyland som kom til avisa i 1930 og var redaktør frå 1940 til 1963.

Etter som tida gjekk og den første og andre generasjonen av innvandra nordmenn forsvann vart det mindre behov for ei norskspråkleg avis. I 1991 skifta avisa namn til Norway Timest og vart ei engelskspråkleg vekeavis.

I 2007 vart Norway Times slått saman med avisa Western Viking. Den nye avisa fekk namnet Norwegian American Weekly. Ho har over 20 000 lesarar i Nord-Amerika og Noreg, med abonnentar i alle amerikanske delstatar, Canada, Noreg, Mexico, Sverige og Nederland. Avisa kjem med 26 nummer i året, annankvar fredag, og inneheld aktuelt stoff om det norsk-amerikanske samfunnet og om Noreg på engelsk til norsk-amerikanarar, eller amerikanarar med norske anar. Sjefredaktør sidan januar 2014 er Emily C. Skaftun.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norwegian Newspapers in America: Connecting Norway and the New Land. St. Paul, MN. 2010. ISBN 978-0-87351-772-0. 
  2. «Nordisk Tidende No.40 - 71. årgang» (på norsk). 5. oktober 1961. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Roedder, Karsten: Av en utvandreravis' saga : Nordisk Tidende i New York gjennom 75 år. 2 bind. New York, 1966, 1968. Digitalutgave av bind 1 og digitalutgave av bind 2, tilgjengelige på Nasjonalbibliotekets nettsider (besøkt 5. desember 2017)
  • Søyland, Carl: Skrift i sand : bruddstykker av utvandrer-sagaen Gyldendal, 1954
  • Thor Gotaas & Roger Kvarsvik: "Ørkenen Sur : den norske uteliggerkolonien i Brooklyn". Oslo 2010