Nordisk Vulkanologisk Center

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordisk Vulkanologisk Center eller Nordvulk er ein fellesnordisk forskingsinstitusjon i ReykjavíkIsland. Senteret er ei vidareføring av Nordisk Vulkanologisk Institutt, som vart skipa i 1973 etter initiativ av Nordisk Råd og finansiert av dei nordiske landa. Senteret driv vulkanologisk forsking og overvaker vulkanar på Island, samt utdannar vulkanologar og andre geologar. Senteret er slått saman med Universitet på Island.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]