Nordisk meisterskap i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordisk meister i sjakk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordisk meisterskap i sjakk har blitt arrangert sidan 1897, for det meste anna kvart år. Turneringa har sidan 1899 blitt arrangert av Nordisk Sjakkforbund, og er som andre nordiske meisterskap ope for deltakarar frå dei nordiske landa, Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island og Færøyane.

Nordiske meisterskap i sjakk for born og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1964 har det også blitt arrangerte årleg nordisk meisterskap for ungdomsskulelag, frå 1973 for gymnaslag/lag frå vidaregåande skule og frå 1990 for barneskulelag. Dette er konkurransar mellom det beste laget frå kvart land.

Frå 1981 har det blitt arrangert årlege individuelle nordiske meisterskap for born og unge opp til 20 år, i 5 ulike aldersklasser. Også her deltar berre dei beste, to frå kvart land.

Tidlegare vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Under står år, namn, og nasjon på vinnaren. Meisterskap avgjorde etter omkamp har merknad om dette.

Vinnarane av Nordisk turnering i 1934 og 1936 vart kåra til "Nordiske kongressmeistrar" då den nordiske meisteren frå 1930 Erik Andersen forsvarte tittelen i uavgjort tvekamp 2,5-2,5 mot Gideon Ståhlberg i 1934 og tapte den mot Erik Lundin i 1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Brekke: Nordisk sjakk i 100 år - Nordisk sjakkforbund 1899-1999, Norsk Sjakkforlag 1999, ISBN 82-90779-03-8
  • Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
  • Norsk Sjakkblad