Nordisk meisterskap i sjakk
Nordisk meisterskap i sjakk har blitt arrangert sidan 1897, for det meste anna kvart år. Turneringa har sidan 1899 blitt arrangert av Nordisk Sjakkforbund, og er som andre nordiske meisterskap ope for deltakarar frå dei nordiske landa, Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island og Færøyane.
Nordiske meisterskap i sjakk for born og ungdom
[endre | endre wikiteksten]Sidan 1964 har det også blitt arrangerte årleg nordisk meisterskap for ungdomsskulelag, frå 1973 for gymnaslag/lag frå vidaregåande skule og frå 1990 for barneskulelag. Dette er konkurransar mellom det beste laget frå kvart land.
Frå 1981 har det blitt arrangert årlege individuelle nordiske meisterskap for born og unge opp til 20 år, i 5 ulike aldersklasser. Også her deltar berre dei beste, to frå kvart land.
Tidlegare vinnarar
[endre | endre wikiteksten]Under står år, namn, og nasjon på vinnaren. Meisterskap avgjorde etter omkamp har merknad om dette.
- 1897 Sven Otto Svensson, Sverige
- 1899 Jørgen Møller, Danmark
- 1901 Jørgen Møller, Danmark
- 1903 Johs. Giersing, Danmark
- 1905 A. H. Petterson, Sverige
- 1907 Paul S. Leonhardt, Tyskland
- 1909 Milan Vidmar, Graz
- 1912 Alexander Alekhine, Russland
- 1916 Paul S. Johner, Sveits
- 1917 Gustaf Nyholm, Sverige
- 1919 Rudolf Spielmann, Austerrike og Anton Olson, Sverige
- 1924 Aron Nimzowitsch, Danmark
- 1928 Karl Berndtsson, Sverige
- 1929 Gideon Ståhlberg, Sverige
- 1930 Erik Andersen, Danmark
- 1934 Aron Nimzowitsch, Danmark *
- 1934 Erik Andersen, Danmark
- 1936 Erik Lundin, Sverige *
- 1937 Erik Lundin, Sverige
- 1938 Gideon Ståhlberg, Sverige
- 1939 Gideon Ståhlberg, Sverige og Erik Lundin, Sverige
- 1946 Osmo Kaila, Finland
- 1947 Eero Böök, Finland
- 1948 Baldur Möller, Island
- 1950 Baldur Möller, Island
- 1953 Fridrik Olafsson, Island
- 1955 Bent Larsen, Danmark
- 1957 Olof Sterner, Sverige
- 1959 Svein Johannessen, Noreg
- 1961 Ingi R. Johannsson, Island
- 1963 Bjørn Brinck-Claussen, Danmark og Manne Joffe, Sverige
- 1965 Freysteinn Thorbergsson, Island
- 1967 Ragnar Hoen, Noreg
- 1969 Ole Jakobsen, Danmark
- 1971 Fridrik Olafsson, Island
- 1973 Bent Larsen, Danmark
- 1975 Sejer Holm, Sverige (Danmark)
- 1977 Lars-Erik Pettersson, Sverige
- 1979 Christer Niklasson, Sverige
- 1981 Knut J. Helmers, Noreg
- 1983 Curt Hansen, Danmark
- 1985 Simen Agdestein, Noreg
- 1987 Margeir Petursson, Island
- 1989 Simen Agdestein, Noreg
- 1992 Simen Agdestein, Noreg
- 1995 Curt Hansen, Danmark
- 1997 Johann Hjartarson, Island
- 1999 Tiger Hillarp Persson, Sverige
- 2001 Arthur Kogan, Israel og Evgenij Agrest, Sverige
- 2003 Evgenij Agrest, Sverige og Curt Hansen, Danmark
- 2005 Evgenij Agrest, Sverige
- 2007 Emanuel Berg, Sverige
- 2009 Peter Heine Nielsen, Danmark
- 2011 Jon Ludvig Hammer, Noreg
- 2013 Axel Smith, Sverige
Vinnarane av Nordisk turnering i 1934 og 1936 vart kåra til "Nordiske kongressmeistrar" då den nordiske meisteren frå 1930 Erik Andersen forsvarte tittelen i uavgjort tvekamp 2,5-2,5 mot Gideon Ståhlberg i 1934 og tapte den mot Erik Lundin i 1937.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Øystein Brekke: Nordisk sjakk i 100 år - Nordisk sjakkforbund 1899-1999, Norsk Sjakkforlag 1999, ISBN 82-90779-03-8
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Norsk Sjakkblad