Nordisk Samisk Institutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordisk samisk institutt)

Nordisk Samisk Institutt (NSI) var ein nordisk kultur- og forskingsinstitusjon i Kautokeino oppretta i 1973.[1] Instituttet er no underlagt Sámi allaskuvla/Samisk høgskole og har som formål å styrka og utvikla samisk språk, kultur og samfunnsliv i eit allsamisk perspektiv.

Instituttverksemda blir delvis finansiert av Nordisk ministerråd, Utdannings- og forskingsdepartementet i Noreg, Utbildingsdepartementet i Sverige og Undervisnings-ministeriet i Finland. Tidlegare Nordisk Samisk Institutt er i dag samlokalisert med resten av Samisk høgskole i eit felles vitskapsbygg i Kautokeino, Diehtosiida.

Instituttet blei skipa i 1973 som ein forskings- og allmennkulturell institusjon og ein del av organisasjonen til Nordisk ministerråd. Etter kvart blei verksemda endra til samisk forsking som hovudaktivitet. I dag er det kring tjue seniorforskarar og forskarar her som gjennomfører forskingsprosjekt innan samisk språk, samfunns- og rettsforsking. Forskinga blir driven fram gjennom samarbeid med andre forskings- og utdanningsinstitusjonar med eit allsamisk og internasjonalt utgangspunkt.

Samisk forsking er av avgjerande tyding for å utvikla det samiske samfunnet for framtida. Eit kvart urfolkssamfunn har behov å bygga opp eigen kunnskap og kompetanse. Å bidra til utvikling av internasjonal urfolksforsking er ei viktig målsetjing for instituttet.

Språkforsking[endre | endre wikiteksten]

Bruk av samiske språk i forskinga er vesentleg for Nordisk Samisk institutt. Språkforskinga til instituttet er retta mot den lingvistiske strukturen til språket og vilkåra for bruk av språket. Sosiolingvistiske forskingsprosjekt gir kunnskap til nytte for tilrettelegging for bruk av samiske språk i samfunnet.

Rettsforsking[endre | endre wikiteksten]

Rettsforskinga til instituttet har hatt som siktemål å undersøka den historiske og eksisterande rettsstillinga til samar. Auka press på bruken av samiske område har bidratt til at instituttet har prioritert rettar til land og vatn. Rettsforskinga omfattar internasjonal folkerett, samerett og rettshistorie.

Samfunnsforsking[endre | endre wikiteksten]

Samfunnsforskinga til instituttet omfattar sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske vilkår for samisk samfunnsliv, inkludert endringsprosessar og individet og samfunnet sine måtar å forhalda seg til desse prosessane på. Sentrale tema i samfunnsforskinga er forvaltning av naturressursar, samisk natur- og landskapspraksis og samiske primærnæringer. Reindriftsforskinga ved NSI er tverrdisplinær med tilknytingar til forsking ved andre institusjonar.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Forskinga til instituttet blir publisert primært gjennom skriftserien Dieđut. Sámi dieđalaš áigečála er eit tidsskrift som blir utgitt gjennom eit samarbeid mellom Samisk høgskole, Senter for samiske studiar ved Universitetet i Tromsø og Nordisk Samisk Institutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historikk». Sametinget. Arkivert frå originalen 5. mars 2017. Henta 26. oktober 2019.