Nordkaper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordkaper
Nordkaper
Nordkaper
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk truga
Status i Noreg: EX Forsvunnen[1]Utbreiinga av nordkaper
Utbreiinga av nordkaper
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Rettkvalfamilien Balaenidae
Slekt: Eubalaena
Art: Nordkaper E. glacialis
Vitskapleg namn
Eubalaena glacialis

Nordkaper (Eubalaena glacialis) er ein bardekval i rettkvalfamilien. Han levde opphavleg på begge sider av Nordatlanteren. På europeisk side levde han i havområda frå Vest-Sahara i sør til Nordkapp i nord, noko som gav han namnet «nordkaper».[2]

Baskiske kvalfangarar dreiv fangst på arten i Biscayabukta allereie frå 1000-talet, og dreiv fangst så langt nord som Island seinast i 1412. Allereie frå 1600-talet av var bestanden i nedgang. Den siste nordkaperen vart fanga i norske farvatn i 1926,[1][3] og dei siste to nordkaperane på europeisk side vart fanga nær Madeira i 1967. Bestanden på austsida av Atlanteren er no truleg utdøydd, men det vert stundom sett streifdyr, i norske farvatn seinast i 1999. Det vart påvist at dette individet kom frå den nordamerikanske bestanden. På amerikansk side lever nordkaperen frå Florida i sør til Nova Scotia i nord, med streifdyr som når Grønland og Island. Talet på kalvande hoer vart i 1998 fastsett til 70 individ. Den totale bestanden er anslått til 300-350 dyr.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av nordkaper Eubalaena glacialis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nordkaper