Nordlandet i Kristiansund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordlandet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordlandet
Bydelen Nordlandet i Kristiansund Foto: Harald Oppedal
Bydelen Nordlandet i Kristiansund

Foto: Harald Oppedal

Geografi
Norway - Nordlandet.png
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°07′07″N 07°49′02″EKoordinatar: 63°07′07″N 07°49′02″E

Areal 14,44 km²

Høgaste punkt Kvernberget (205 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 5374 (2001)
Folketettleik 384 /km²

Nordlandet er den største øya i Kristiansund kommuneNordmøre i Møre og Romsdal fylke. Ho har eit areal på 14,44 km². Øya er den nordlegaste av dei øyane byen ligg på, med hamna som det sentrale midtpunkt. Her ligg òg det høgaste punktet i byen, Kvernberget på 205 m.o.h.. Den gamle busetnaden på Nordlandet ligg sentralt i forhold til hamna og sunda som er innseglinga til hamna. Frå her er det båtsamband over sunda til sentrum av byen på Kirkelandet. Bydelen Nordlandet har eiga kyrkje, Nordlandet kyrkje.

Mykje av utbygginga i Kristiansund dei siste 30 åra har skjedd på Nordlandet.

Kristiansund lufthamn, Kvernberget ligg på Nordlandet, med tilhøyrande helikopterbase for oljeverksemda på Haltenbanken. Like ved ligg oljebasen Vestbase. Løkkemyra var opphavleg regulert til industriområde, men er no òg eit handelssentrum i Kristiansund, med mellom anna kjøpesenteret Amfi Futura, Biltema og andre store varehus.

Nordlandet vert òg humoristisk kalla «Marokko».

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]