Lyngshest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordlandshest)
Ein lyngshest eller nordlandshest, årsgammal hingst.
20 år gammal nordlandshest, hoppe.

Lyngshest eller nordlandshest, offisielt nordlandshest/lyngshest, er ein hesterase frå Nord-Noreg. Lyngshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av lyngshestar er som ridehest og lett trekkhest. Hesten har fått namn etter heile nordlandsområdet eller Lyngen i Troms, og blir også omtala som lyngshest/nordlandshest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lyngshesten har anene sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller ute på marka og var van med å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fekk ikkje tilskot av kjøpefôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølve i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.

I 1930 var rasen utrydningstruga, og det vart sett i gang organisert al. Rasen vart mesta utrydda under andre verdskrigen, da berre et fåtal hestar overlevde dei siste krigsåra. Dei seinare åra har rasen vorte meir populær over heile Noreg. Da traktoren tok over i gardsarbeidet i 1960-åra, var situasjonen framleis ikkje bra for lyngshesten. Det var stadig færre som heldt hest, og mykje arvemateriale gjekk tapt.

Rasen vart kalla lyngshest fram til 1968, men frå da av er namnet nordlandshest vorte vanlegare. Frå 1994 var det offisielle namnet «nordlandshest/lyngshest».

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

I dag er det kring 3 000 lyngshestar i Noreg, og det blir årleg fødd kring 200 føl. Lyngshesten har status som trua - vedlikeholdt på FAO sine lister.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Nordlandshesten/lyngshesten har alltid vore ein allsidig brukshest. Tidlegare var det mest vanleg å nytte lyngshesten til gardsarbeid og som skyss- og ridehest, men no blir rasen mest brukt som hobbyhest. Lyngshesten sin allsidigheit gjer han til ein skikkeleg god allround-hest som er godt eigna for bruk i dei fleste ride- og køyregreiner. Døme på dette er sprang, dressur og mounted games, i tillegg til presisjonskøyring og ponnitrav. Lyngshesten er også stø på foten, og eigner seg derfor godt til turriding og kløyving i ulendt terreng. På grunn av det rolege og vennlege gemyttet sitt er lyngshesten også ein god terapihest.[1]

Dagens hestar[endre | endre wikiteksten]

Dagens hestar har svært gode køyre- og rideeigenskapar. Denne hesterasen er ein god førstegongshest som eignar seg i alle ridegreiner. Han har eit fint og roleg gemytt, men kan stundom vera noko sta. Han er kjend for å vere arbeidsvillig med pågangsmot til å utføre dei oppgåvene han blir beden om å gjere. Felles for lyngshestane er at dei er stødige dyr som sjeldan kvepper til eller spring ut. Dei skal vere tøffe og robuste og er som regel ikkje engstelege. Hesten er noko større enn islandshesten og har ei meir rektangulær kroppsform – typisk for arbeidshestar. Det er mykje fargevariasjon i rasen, og dei fleste fargane er godkjende – anna enn blakk (som fjordingen).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bruksområder», rimfakse.no, henta 6. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]