Nordlandsprovinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordlandsprovinsen er eit geologisk område som dekkjer Nordland fylke. Glimmerskifrar og glimmergneisar frå Den kaledonske fjellkjeda finst i store delar av Nordland.

Sentralt i Nordlandsprovinsen mellom Dunderlandsdalen og Fauske finst fire kaledonske skyvedekke. Nedst finn ein Seve-Køli-dekket med to grupper av skifrar derav det nedste fører marmor (Pieske kalk). Deretter følgjer Tespfjelldekket som består av skifrar med marmor. I nord finst Fauskemarmor som tilhøyrer dette dekket. Over følgjer Rødingfjelldekket med to mektige grupper av glimmerskifrar, marmor, kvartsitt og kvartsittkonglomerat. Øvst er Beiarndekket som består av glimmerskifrar og marmor med intrusjonar av eruptiv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]