Nordlysobservatoriet i Tromsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordlysobservatoriet eller Tromsø geofysiske observatorium, er ein forskingsinstitusjon under Fakultet for naturvitenskap og teknologi ved UiT Noregs arktiske universitet. Det vart oppretta i 1928 og slått saman med universitetet då dette vart grunnlagd i 1972. Nordlysobservatoriet ligg nær Prestvannet i Tromsø og har seks tilsette.

Den først bygningen til Nordlysobservatoriet vart reist i 1927/28 og opna i 1930, etter at Rockefeller foundation hadde gjeve 75 000 dollar til opprettinga. Leiv Harang vart den første leiaren for observatoriet. Observatoriet sine arbeidsoppgåver omfatta utforsking av nordlys, jordmagnetisme, ionosfærefysikk og fysikken i den øvre atmosfæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]