Nordmør Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordmør Dampskibsselskab var eit reiarlag med hovudkontor i Kristiansund. Reiarlaget vart konstituert 29. desember 1902, og frå 1. januar 1903 vart rutene og dei seks skipa til Christiansunds Dampskibsselskab overteke. Reiarlaget kjøpte same år DS «Tourist» som kunne ta 120 passasjerar. I 1906 vart nybygget DS «Øren» levert, og i 1909 «Driva». I februar 1915 fekk reiarlaget overlevert nybygget DS «Surendalsfjord» som var meint å setjast inn i rute mellom Kristiansund og Sunndalsøra i samband med utbygginga av Aura-kraftverket. DS «Surendalsfjord» var med sina 440 bruttoregistertonn det største skipet til reiarlaget, men første verdskrigen førde til stopp i Aura-utbygginga, og skipet vart allereie juli 1916 selt til Russland. Under første verdskrig vart òg skipa DS «Mørejarlen» og DS «Christiansund» selt for å gjera reiarlaget gjeldfritt. Selskapet dreiv rutetrafikk i Nordmøre og Romsdal og dessutan ei rute til Trondheim. I 1920 vart dei sju gjenverande skipa til reiarlaget overteke av det nyoppretta fylkesreiarlaget Møre Fylkes Ruteselskapet (MFR) for 1 050 000 kroner. I 1947 endra MFR namn til Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF).

Skorsteinmerket til reiarlaget var svart skorstein med eit gult belte omgjeve av smale kvite linjer over og under.

Flåteliste[endre | endre wikiteksten]

Nordmør Dampskibsselskab sitt DS «Statsraad Riddervold» i Lurvika, Aure kommune. Biletet er teke ein gong mellom 1903 og 1910.
Ukjend fotograf
Namn Tidsrom Type Tonnasje Anna
DS «Mørejarlen» 1903-1918 Lokalrutebåt 53 brt
DS «Ganger Rolf» 1903-1920 Lokalrutebåt 121 brt Overført MFR i 1920
DS «Statsraad Riddervold» 1903-1920 Kystruteskip 201 brt Overført MFR i 1920
DS «Nordmøre» 1903-1920 Lokalrutebåt 180 brt Overført MFR i 1920
DS «Christiansund» 1903-1918 Lokalrutebåt 117 brt
DS «Hankø» 1903-1920 Kystruteskip 242 brt Overført MFR i 1920
DS «Tourist» 1903-1920 Lokalrutebåt 54 brt Overført MFR i 1920
DS «Øren» 1906-1920 Fraktebåt 21 brt Overført MFR i 1920
DS «Driva» 1909-1920 Kystruteskip 325 brt Overført MFR i 1920
DS «Surendalsfjord» 1915-1916 Kystruteskip 440 brt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ragnar Ulstein: Om samferdsel i Møre og Romsdal – Del I: Som skyttel i vev. Utgjeve av Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1995. ISBN 82-90393-76-8
  • Åre Inge Torvik: Om samferdsel i Møre og Romsdal – Del II: Samfunn og ferdsel. Utgjeve av Møre og Romsdal Fylkesbåtar 2000. ISBN 82-7955-020-8