Nordmaling
Nordmaling (sørsamisk Nordmelikse el. Novlemaanege) er ein tettstad og kommunesenter i Nordmalings kommun i Västerbottens län i Sverige. Staden ligg ved Nordmalingsfjärden, 55 km sørvest for Umeå. Staden hadde 2546 innbyggjarar i 2011.
I Nordmaling vert Nordic Baroque Music Festival arrangert kvart år. Like nordvest for Nordmaling ligg Olofsfors bruk, som i dag er museum. Staden har ein variert industri, men er hovudsakleg ein service- og handelsstad.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nordmaling» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2012.