Nordmarkitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordmarkitt er ein djupbergart med stor utbreiing i Oslofeltet. Det er ein alkalifeltspatsyenitt (eller kjemisk sett ein alkalisyenitt). Den eigenlege nordmarkitten fører alkaliamfibol og ægirin, og går med aukande kvartsinnhald over i ekeritt. Nordmarkitt brukast òg om ein syenitt-type med mørk glimmer (biotitt), som seinare er skilt ut som grefsensyenitt.

Steinindustri[endre | endre wikiteksten]

Den lyseraude nordmarkitten, som seinare er vald til fylkesstein for Oslo, utgjorde saman med den svært like grefsensyenitten (under namnet «grorudgranitt») tyngdepunktet i landet sitt steinindustri mellom 1820-åra og 1870. Bergarten vart nytta ved bygging av Slottet i 1820-åra, løvene føre Stortinget, og etter brannen i Hamburg i 1842 vart store mengder eksportert til bruk ved gjenoppbygging av kaiar, kanalar og bygningar.

I brota, som låg mellom Grorud, Grefsen og Sogn, arbeidde fleire hundre menneske med bryting og hogging av denne steinen, som òg vart nytta til mellom anna kaier, bruer, bygningssoklar og trapper i Christiania og Aker. I 1845 byrja ein å hogge stein til Oscarsborg festning. Slaveriet på Akershus avgav fangar til dei militære byggmeistrane. Akershus Landsfengsel byrja steinhogging på eiga hand i 1850-åra, og store steinarbeid til Universitetet i Oslo, Stortinget, Trefoldighetskirken og Johanneskyrkja vart utført ved steinhoggeriet til fengselet.

I 2009 er berre éit mindre brot i drift, ved Bånkall øvst i Groruddalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]