Nordnorsk forfatterlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordnorsk Forfatterlag)

Nordnorsk forfatterlag (Nnf, nordsamisk Davvi-Norgga girječálliid searvi) er ein nordnorsk interesseorganisasjon som arbeider for å fremje og ivareta interessa til nordnorske forfattarar, litteratur generelt og nordnorsk litteratur spesielt. Han vart etablert på Kjerringøy i 1972.[1] Blant initativtakarane var forfattar og dramatikar Magnar Mikkelsen (Finnmark), heradsagronom og skribent Knut Moe (Nordland), og forfattarane Asbjørn Dybwad (Troms), Kjell Sandvik og Terje Nilssen (begge Finnmark).

Laget har alltid vore frittalande, og fekk «Fritt Ord-prisen» i 1984. I høve 25-årsjubileet (1997) gav Nnf ut antologien Circum Polaris med bidrag frå femti av medlemmane. Fram til i dag har Nnf gitt ut 21 bøker, saman med bokforlag som Tiden, Orkana og MargBok, eller i eigen regi. Tidlegare gav laget ut medlemsbladet/tidskriftet Skarven, men dette er i dag gått inn. Søknad om medlemskap etter søknad, og vurdering av det litterære rådet. Støtte til drift kom i det vesentlege frå Nordnorsk Kulturråd til det vart lagt ned, og får i dag løyvingar frå dei tre nordnorske fylkeskommunane.

Nnf har kontor i Tromsø, og deler mellom anna ut Nordland fylkes kulturstipend. Ved inngangen til 2019 hadde laget 154 medlemmer, ti av dei æresmedlemmer.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Nnf», nordnorskforfatterlag.no (på engelsk), arkivert frå originalen 30. mars 2019, henta 24. september 2019 
  2. «Årsmelding 2018» (PDF). Nordnorsk forfatterlag. Henta 24. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]