Nordnorsk Kunstmuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°38′53.369″N 18°57′35.543″E

Nordnorsk Kunstmuseum
NordnorskKunstmuseum-Tromsø.jpg
StadTromsø kommune
Skipa1. november 1985; 36 år sidan (1985-11-01)
Opna17. mars 1988; 33 år sidan (1988-03-17)
Nettstadwww.nnkm.no

Nordnorsk Kunstmuseum
69°38′53″ N 18°57′36″ E

Nordnorsk Kunstmuseum er eit kunstmuseum i Tromsø, skipa 1. november 1985 som ei stifting med mål om å spreia kunnskap og interesse for biletkunst og kunsthandverk i Nord-Noreg[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1979 blei behovet for eit nordnorsk kunstmuseum undersøkt av Norsk kulturråd. Nordnorsk Kulturråd, Universitetet i Tromsø, Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet. Det blei opna 17. mars 1988 med Frode Haverkamp som direktør. Siden har både Anne Aaserud og Knut Ljøgodt hatt direktørstillinga.[2] Jérémie Michael McGowan var direktør ved Nordnorsk Kunstmuseum frå 2016 til 2020[3][4]

Museet heldt opphavleg til i Tromsø Kunstforening sine lokale i Musegata til Sjøgata 1 ved Prostneset. I 2002 flytta Nordnorsk Kunstmuseum til dei noverande lokala sine i Sjøgata 1. Bygningen frå 1915 var teikna av arkitekten Søren Wiese Opsahl for å husa post- og telegrafkontor. Derette var han politistasjon frå 1967. Museet ligg i det eldste gateløpet i Tromsø, med fasaden mot Roald Amundsens plass.

Samlingar og utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Nordnorsk Kunstmuseum viser fram ulike temporære utstillingar med både historisk og samtidig kunst[5]. Sentrale kunstnarar er Peder Balke, Adelsteen Normann, Harriet Backer, Anna-Eva Bergman og Olav Christopher Jenssen. Den faste samlinga består av verk frå museet si eiga samling, supplert med verk deponerte frå Nasjonalmuseet, SpareBank 1 Nord-Norges kunststiftelse, Sparebankstiftelsen DNB NOR, Tromsø Kunstforening og private samlingar.

Nordnorsk Kunstmuseum har ansvar for heile den nordlege delen av Noreg. I 2010 oppretta det ei eiga avdeling for landsdelsdekkande program. Avdelinga turnerer årleg 2-3 mellomstore utstillingar i dei tre nordlegaste fylka og på Svalbard. I tillegg turnerer formidlingsavdelinga til museet rundt 20 mindre undervisingsbaserte vandreutstillingar til rundt 200 skular i heile landsdelen.

7. februar 2015 opna Nordnorsk Kunstmuseum filialen Kunsthall Svalbard i Longyearbyen, eit dedikert utstillingsrom for visuell kunst som også hadde som føremål å driva omvisingar, formidling, verkstader og workshops.[6] Kunsthallen blei offisielt opna av dronning Sonja, og den første utstillinga var Glacier av Joan Jonas.

30. mars 2017 blei Nordnorsk Kunstmuseum kåra til Årets museum 2017 av Norges museumsforbund.[7] Museumsperformancen Sámi Dáiddamusea, i samarbeid med RiddoDuottarMuseat, vann Kunstkritikerprisen 2018[8], Tromsø kommunes kulturpris 2017[9] og Norsk Publikumsutvikling sin pris for Neste praksis 2017.[10]

Direktørar[endre | endre wikiteksten]

Fotogalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene», w2.brreg.no, henta 14. desember 2020 
  2. «Nordnorsk Kunstmuseum». Store norske leksikon (norsk). 29. august 2018. Henta 16. desember 2018. 
  3. «Ny direktør ved Nordnorsk Kunstmuseum | Nordnorsk Kunstmuseum». nnkm.no. Henta 26. oktober 2016. 
  4. «Styret bytter ut ledelsen: Løser direktøren fra sin stilling». www.nordlys.no (norsk). 30. mars 2020. Henta 18. mai 2020. 
  5. «Utstillinger | Nordnorsk Kunstmuseum», www.nnkm.no, henta 14. desember 2020 
  6. «Et innblikk i Kunsthall Svalbard | Nordnorsk Kunstmuseum». nnkm.no. Henta 26. oktober 2016. 
  7. «Nordnorsk Kunstmuseum er Årets museum 2017 – Norges museumsforbund». museumsforbundet.no (norsk bokmål). Henta 18. mai 2017. 
  8. «Kunstkritikerprisen til RiddoDuottarMuseat og Nordnorsk Kunstmuseum». Kritikerlaget (norsk bokmål). Henta 30. desember 2018. 
  9. www.tromso.kommune.no (PDF) https://www.tromso.kommune.no/getfile.php/4300773.1308.pawinkkjtwpsll/kulturrpsien+Oversik+fom+1987.doc.as.pdf. Henta 30. desember 2018. 
  10. «Nordnorsk Kunstmuseum | Neste praksis | Norsk publikumsutvikling». norskpublikumsutvikling.no (engelsk). Henta 30. desember 2018. 
  11. «Nordnorsk Kunstmuseum». Store norske leksikon (norsk). 29. august 2018. Henta 16. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]