Nordnorsk Opera og Symfoniorkester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester (NOSO) er eit orkester og eit operakompani med base i Bodø og Tromsø, som skal stette heile den nordnorske landsdelen. NOSO vart stifta 18. juni 2009. Eigarar er Tromsø og Bodø kommunar, som eig 50 prosent kvar, medan Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommunar er tilskotspartnarar gjennom den nordnorske kulturavtalen.

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester er organisert som eit prosjektorkester med ensembla Bodø Sinfonietta og Tromsø Kammerorkester som kjerne. Orkesteret samarbeider med det øvrige kunst- og kulturlivet i landsdelen, og har ein samarbeidsavtale med Forsvarets Musikkorps Nord-Norge og Landsdelsmusikerne i Nord-Norge. Den lokale forankringa i landsdelen er viktig, samstundes som ein ser utover landegrensene. Orkesteret hadde premierekonsert i Bodø 1. august og i Tromsø 20. august. Christian Lindberg, som dirigerte båe konsertane, er nå knytt til orkesteret som førstedirigent.

Tor Lægreid er direktør i selskapet, og Tor Arne Viksjø er styreleiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]