Nordre älv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordre älv og jarnbanebrua over elva.
Göta älv går under brua i framgrunnen og Nordre älv er å sjå i bakgrunnen, framfor Båhus festning (Bohus fästning), som ligg på ein 40 meter høg fjellskrent. Byen Kungälv ligg til venstre i bakgrunnen.

Nordre älv er ei om lag 16 kilometer lang elv i Sverige. Elva går ut frå Göta älv ved Kungälv og munnar ut i den breie Nordre älvs fjord i Kattegat, og skil såleis øya Hisingen frå fastlandet i nord, medan Göta älv skil øya frå fastlandet i sør.

Då djupna av Nordre älv berre er om lag to meter ved utløpet i havet, er elva normalt berre nytta av småbåtar. For å hindre at for mykje vatn renn i havet gjennom Nordre älv i staden for gjennom Göta älv ved til dømes høg vasstand i Kattegat, er det i Nordre älv bygd ein slags demning, eit skjermingsverk, Ormo skärmanläggning, som kan opnast for båttrafikk etter førehandstinging når tilhøva ligg til rette for det. Dette skjermingsverket, som er fjernstyrt, skal særleg syte for at vassføringa i Göta älv er stor nok til at saltvatn frå havet ikkje kjem opp i denne elva og inn i det vassinntaket ved Lärje som forsyner Gøteborg med drikkevatn frå elva.

Namnet Nordre älv vart teken i bruk fyrst på 1700-talet. Tidlegare var elva kalla Kongälv, Göta älv eller berre Älven. I nærleiken av tettstaden Ytterby på fastlandssida av elva låg i mellomalderen byen Konghelle (svensk: Kungahälla) som allereie på tusentalet var ein viktig norsk by i det dåverande norske Båhuslen, og som var ein forløpar til dagens Kungälv. Plasseringa av det opphavlege Konghelle er påvist ved arkeologiske utgravingar, då det ikkje finst anna att etter byen enn spor under jordoverflata[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans Andersson, Kristina Carlsson & Maria Vretemark (redaktører): Kungahälla : problem och forskning kring stadens äldsta historia. ISBN 91-7686-137-6 , ISBN 91-22-01931-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]