Nordre Bergenhus amt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordre Bergenhus Amt er eit gamalt namn på Sogn og Fjordane fylke. Nemninga fylke om eit administrativt område slik me kjenner det i dag, er av ny dato. Før 1919 heitte fylka amt.

Bergenhus amt delt i to[endre | endre wikiteksten]

Bergenhus amt vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt (seinare Hordaland fylke). Nordre Bergenhus Amt inneheldt dei fire futedøma Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Frå 1. januar 1919 er området eit fylke, Sogn og Fjordane fylke.

Kaupanger-Bergen-Lærdalsøyri-Leikanger[endre | endre wikiteksten]

Den første amtmannen, Joachim de Knagenhjelm hadde sete på Kaupanger. I tida 1771-1852 budde ingen av fylkesmennene i Sogn og Fjordane; Dei heldt til i Bergen den tida dei var fylkesmenn. Frå 1840 hadde amtmannen sete i Lærdal. I 1862 flytte amtmann Johan Collett Falsen frå Lærdal til Leikanger etter å ha kjøpt garden Nybø. Falsen selde straks etter til Staten ved Opplysningsvæsenets Fond som kjøpte garden til embetsgard. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 11. april 1863.[1]

Amtmenn[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kulturhistorisk leksikon: "Fylkesmannsgarden på Nybø"
  2. Theiste vart suspendert frå embetet ved høgsterettsdom 29. november 1779 og frådømt embetet. Frå 1776 fungerte stiftamtmann Schouboe som amtmann. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk Arkivert 2012-03-17 ved Wayback Machine.
  3. Flytte til Lærdal i 1840. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk Arkivert 2012-03-17 ved Wayback Machine.
  4. Amtmann Aubert vart saman med sokneprest Sverdup heidra med minnestein i Balestrand i 1911 for skipinga av Fylkesbaatane midt på 1800-talet. DigitaltFortalt: Minnestein i Balestrand over skiparane av Fylkesbaatane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]