Nordre Follo prosti

Koordinatar: 59°43′10″N 10°49′51″E / 59.71944°N 10.83083°E / 59.71944; 10.83083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°43′10″N 10°49′51″E / 59.71944°N 10.83083°E / 59.71944; 10.83083

Ski nye kyrkje

Nordre Follo prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Enebakk, Oppegård og Ski i Akershus fylke. Prosten har sete i Ski i Akershus.

Prostiet blei oppretta i 2011 da Follo prosti blei delt i to, Nordre Follo prosti og Søndre Follo prosti (Frogn, Nesodden, Vestby og Ås).[1]

Sokn i Nordre Follo prosti[endre | endre wikiteksten]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Enebakk sokn Enebakk kyrkje Enebakk
Greverud sokn Greverud kyrkje Oppegård
Kolbotn sokn Kolbotn kyrkje
Sofiemyr kyrkje
Oppegård
Kråkstad sokn Kråkstad kyrkje Ski
Langhus sokn Langhus kyrkje Ski
Mari sokn Mari kyrkje Enebakk
Oppegård sokn Oppegård kyrkje Oppegård
Siggerud sokn Siggerud kyrkje Ski
Ski sokn Ski kyrkje
Ski nye kyrkje
Ski

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Navn på prostiene i Follo» på nettstaden til Enebakk kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]