Nordre Isfjorden nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordre Isfjorden nasjonalpark
nasjonalpark
Nordre Isfjorden National Park locator map.svg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Svalbard
Areal 2 954 km²
 - land 2 050 km²
 - vatn 904 km²
Oppretta 26. september 2003

Nordre Isfjorden nasjonalpark ligg på Svalbard. Parken vart oppretta ved forskrift 26. september 2003 i medhald om Lov om miljøvern på Svalbard.

Nsjonalparken omfattar nordsida av Isfjorden frå Skansbukta på Dickson Land til Eidembukta på Oscar II Land, inkl. Nordfjorden med sidefjordane Dicksonfjorden og Ekmanfjorden. Dei marine areala nord for ei rett linje mellom Kapp Thordsen og sørspissen av Erdmannflya, i Ymerbukta og Trygghamna og ut til ei nautisk mil frå land (lågannslinja) på strekninga mellom Alkepynten og midten av Eidembukta inngår i nasjonalparken.

Nasjonalparken utgjer ca. 2.050  km² landareal (inkludert ferskvatn) og ca. 904 km² marint areal og på gardsnummer 1, 31, 32 og 33 på Svalbard.

Lenkjer til kart og informasjon[endre | endre wikiteksten]