Hopp til innhald

Nordre Nordmøre Billag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordre Nordmøre Billag
Org.formlutlag
Skipaslutten av 1950-talet
Nedlagd1987
Ein av rutebussane til NNB, ein Scania BR85S, 1973-modell, med 47 sitjeplassar. Karosseriet var bygd ved Arna Bruk utanfor Bergen. Bussen vart kjøpt ny av Angvik Auto, og vart truleg overteken ev NNB tidleg på 1980-talet. Bussene er merka NTS på sida, så biletet er teke etter fusjonen i 1987. Bussen var i trafikk til slutten av 1990-talet.

Nordre Nordmøre Billag (NNB) var eit billag med hovudkontor og verkstad på AureNordmøre. NNB vart stifta på slutten av 1950-talet og gjekk i 1987 saman med Kristiansund-Frei Billag og Smøla Billag til Nordmøre Trafikkselskap (NTS). NNB dreiv både person- og godstransport. Dei hadde fleire busstypar: rutebussar, skåpbilar og kombinertbussar. Forutan fleire personruter lokalt i Aure køyrde dei faste ruter til Kristiansund. Ei anna oppgåve var transport av skuleborn.