Nordre Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordre Vartdal er ei bygd i Ørsta kommune. Bygda, som ligg ved Vartdalsfjorden, omfattar dei tre matrikkelgardane Nøre-Vartdal, Årskog og Øydgarden. Folketalet i bygda er på om lag 160. Busetnaden er samla innom ein trekant på 1,5 x 2 km.

Vartdal kyrkje og kyrkjegard ligg sentralt i bygda ved Vartdalsfjorden. Også Vartdal Helsetun, ein institusjon for eldre og sjuke teken i bruk som Vartdal Gamleheim i 1954, er lokalisert til bygda. Næringslivet i bygda var i fleire tiår konsentrert om møbelproduksjon og landbruk.Tradisjonelt har det også vore dreve fiske på Nordre Vartdal.For eit par tiår sidan var det vanleg at unggutar reiste ut på fiske med fiskebåtar frå Vartdal. Siste møbelverksemda vart avslutta i 2001, og i 2013 var seks gardsbruk i drift. Dei fleste ibuarane pendlar til arbeid andre stader på Søre Sunnmøre.

E 39 passerer gjennom bygda, som ligg 25 km nord for kommunesenteret.

Fram til dåverande Vartdal kommune vart lagt ned i 1964 heldt kommuneleiinga hus i bygda, sist i Vartdal Gamleheim-bygningen. Barneskulen Nordre Vartdal skule vart lagt ned i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960
  • Johannes Buset: Vartdalssoga. Første Bandet. 1964