Nordsalten

Koordinatar: 64°54′50.170″N 11°30′29.444″E / 64.91393611°N 11.50817889°E / 64.91393611; 11.50817889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordsalten er ein fjord på austsida av Kvingra i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover og seinare nordaustover til Rødseidet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Eidshaug i vest og Måneset i aust. Frå Eidshaug går det ferje ut fjorden og nord til Gjerdinga. Litt inn i fjorden ligg Straumsøya og over her går det bru mellom Kvingra og fastlandet via Fv543.

Ved Dyrneset snur fjorden nordaustover. Dei to vågane Liavågen og Storbukta går derimot sørover frå Dyrneset og ved Storbukta går den særs smale Remmastraumen sørover til fjorden Sørsalten. Nordsalten held fram nordaustover til Rødsbotnet. Like ved innløpet til Rødsbotnet går òg Fjalbotnet austover og Ramfjordbotnet sørover.

Fv525 går langs den indre delen av fjorden.

64°54′50.170″N 11°30′29.444″E / 64.91393611°N 11.50817889°E / 64.91393611; 11.50817889