Nordsamisk syntaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordsamisk syntaks eller setningslære er læra om korleis nordsamisk set ordfirmer saman til større strukturar. Nordsamisk blir snakka i både Noreg, Sverige og Finland. Dette er kanskje den delen av nordsamisk grammatikk der dei ulike majoritetsspråka påverkar språket på ulike måtar.

Nominalfraser[endre | endre wikiteksten]

Som i dei fleste uralske språk, er nordsamiske nominalfraser av typen (Determinativ) - (Kvantor) - (Adjektiv) - Substantiv. På same måten som i alle samiske språk har adjektivet ei eiga attributtform når det står i same frase som eit substantiv (jf. artikkelen om sørsamisk morfologi).

Determinativa kongruerer med substantivet i kasus. På same måten som i t.d. sørsamisk er kongruensen redusert samanlikna med bruken av dei same pronomena aleine. Jf. «det huset» i alle kasus:

Kvantorfraser[endre | endre wikiteksten]

Nordsamiske substantiv står i genitiv eintal etter kvantorar. «To jenter» heiter altså guokte nieidda, der nieidda er genitivforma av nieida «jente». Dette gjeld alle andre talord enn okta «ein», som syntaktisk sett ikkje er ein kvantor. Her skil nordsamisk seg både frå sørsamisk, der substantiva står i nominativ fleirtal etter kvantorar, og frå dei samiske språka frå og med enaresamisk og austover, der substantivet står i genitiv etter talord opp til seks, men i partitiv etter högare talord.

Pre- og postposisjonsfrasar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste adposisjonane i nordsamisk er postposisjonar. Substantivfrasen som står til postposisjonen står i genitiv.

Verbalfraser[endre | endre wikiteksten]

Setningsstruktur[endre | endre wikiteksten]

Nordsamisk har ein klasse med Wackernagelpartiklar, ubøyelege ord som står i andre posisjon i setninga. Desse partiklane blir skrive som separate ord i Noreg og Sverige, men i pakt med skrifttradisjonen for finsk (som også har same type partiklar) blir dei skrive i lag med siste ordet i frasen dei står til i Finland. Den mest sentra Wackernagelpartikkelen er go, som signaliserer ja/nei-spørsmål:

  • Boahtá go Máret? "Kjem Marit?"
  • Lea go Máret boahtán? "Har Marit komme?"
  • Máret go lea boahtán? "Er det Marit som har komme?"

Den tilsvarande skrivemåten på finsk side er altså boahtágo, leago, Máretgo.

Andre sentrale partiklar er ba "er det verkeleg slik at" og han "som du veit":

  • Máret ba lea boahtán. "Det er verkeleg Marit som har komme."
  • Máret han lea boahtán. "Som du veit har Marit komme."

Overordna ordstilling[endre | endre wikiteksten]

Ordstillinga i nordsamisk er dominerande SVO. Det er likevel ein tendens til at hovudverbet kjem etter objektet når det er eit hjelpeverb i setninga.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]