Nordsjøfartmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordsjøfartmuseet i Telavåg

Nordsjøfartmuseet i Telavåg (òg kalla Tælavåg), som er eit av musea i Museum Vest, opna i april 1998 som ei vidareføring og utviding av ei krigsminnesamling som opna i 1988 i eit naust i Telavåg. Denne krigsminnesamlinga hadde vorte oppretta etter eit kommunalt initiativ, men mykje av innsamlings- og utstillingsarbeidet var det lokale krefter i Telavåg som stod for. Av di talet på dei som ville sjå krigsminnesamlinga hadde vore såpass høge allereie fyrste året, sette Sund kommune og Hordaland fylkeskommune året etter i gang eit utgreiingsarbeid for å få opna eit museum i Telavåg. Arkitekt for ein ny museumsbygning vart Paal Kahrs, og grunnsteinen lagt med 8. mai 1995, på 50-årsdagen for frigjeringa av Noreg i 1945. I november 1996 vart Stiftinga Nordsjøfartmuseet i Tælavåg skipa for å stå for drifta av museet.

Krigsminnesamlinga frå 1988 konsentrerte seg framfor alt om krigstragedien i Telavåg, sett frå ein lokal synsvinkel. Med skipinga av Nordsjøfartmuseet vart krigshendingane sett inn i ein større samanheng, både i høve til den andre verdskrigen generelt, og i høve til samtidige konfliktar verda over. Nordsjøfartmuseet sette òg søkeljoset på den såkalla nordsjøfarten, den illegale trafikken mellom Noreg og Storbritannia under den tyske okkupasjonen av Noreg.

Museet har difor både ei utstilling om terroren som råka Telavåg under krigen, og om nordsjøfarten (òg kalla Englandsfarten). Den tyske okkupasjonsmakta fastsette at det skulle vere dødsstraff for å krysse Nordsjøen, ettersom dette var ei vanleg fluktrute for dei som måtte eller ynskte å kome seg over til Storbritannia. Dei fleste flykta for å verve seg til dei allierte styrkane, og mange våga livet for å frakte våpen, agentar og utstyr attende til motstandsrørsla i Noreg. Motstandskampen i Noreg hadde truleg ikkje vore mogleg utan desse operasjonane. Telavåg var eit sentralt utgangspunkt for denne farefulle, løynde sjøreisa. På Nordsjøfartmuseet vert det gjeve eit innblikk i liva til dei som trossa forbodet.

Terroren som råka den vesle fiskarbygda Telavåg under krigen, den såkalla Telavågtragedien, har likeeins ein vesentleg plass i utstillinga. Ingen andre stader i Noreg vart så hardt råka av tysk terror som Telavåg. Opptakten var ei skotveksling 26. april 1942 mellom Gestapo-offiserar og to norske Kompani Linge-agentar i Telavåg, då to av Gestapooffiserane og ein norsk agent vart drepne. 30. april 1942 vart alle menn mellom 16 og 60 år i Telavåg arresterte, 1. mai 1942 vart resten av dei som budde i Telavåg arresterte, og heile Telavåg vart deretter brent ned og jamna med jorda. Mennene vart sende til tyske konsentrasjonsleirar, der 31 døydde, medan kvinnene, borna og dei eldre vart internerte i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]