Nordsjøkanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordsjøkanalen
Nzkanaal3.jpg
Utspring IJbukta
Munning Nordsjøen
Land i nedslagsfelt Nederland
Lengd 21 km
Location Noordzeekanaal.PNG

Nordsjøkanalen (nederlandsk Noordzeekanaal) er ein kanal i Nederland frå Amsterdam til Nordsjøen ved IJmuiden, bygd mellom 1865 og 1876 slik at havgåande skip kunne nå hamna i Amsterdam. Han endar ved Amsterdam i den lukka IJbukta, som igjen er tilslutta Amsterdam-Rhin-kanalen.

Dreneringa av kanalen til Nordsjøen skjer via Spuislusene ved IJmuiden ved hjelp av den største pumpestasjonen i Europa. Systemet er nødvendig for å forvalte grunnvatnet i Vest-Nederland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For å betre sambandet mellom hamna i Amsterdam og Nordsjøen vart Noordhollandsch Kanaal bygd i 1824. Denne lange og smale kanalen fekk raskt for dårleg kapasitet til å handsame all skipstrafikken og eit par tiår seinare valde ein å grave ein ny kanal på det smalaste punktet i Holland og slik få den kortaste ruta til havet.

Gravinga byrja 8. mars 1865 ved sanddynene i Breesaap og varte til 1876. Sidan ingen nederlandske selskap ville ta på seg oppgåva vart prosjektet utført av ein engelsk entreprenør.

Historisk kart over Velsen som viser dei vestlege delane av IJ og den planlagde ruta til kanalen.

Nordsjøkanalen vart bygd ved å grave ein kanal gjennom den gamle IJbukta og byggje dike på kvar side, medan dei gjenverande delane av IJbukta vart demd opp og omgjort til polder. Frå denne bukta og til sjøen vart ein ny kanal grave ut gjennom sanddynene ved Velsen. For å få vatn og skipsfart til sideelvane til IJ, som Spaarne, Zaan og Nauernakanalen vart det grave ut ni sidekanalar (kalla sidekanalar A til I).

Eit par sluser (Zuidersluis) vart bygd ved munningen i 1876 der den nye byen IJmuiden (IJ-munningen) grunnlagd. I 1896 vart dei midtre slusene bygd (Middensluis), og til slutt dei nordlege slusene (Noordersluis) i 1929, som på den tida var dei største slusene i Europa.

I austenden av kanalen, aust for Amsterdam, vart IJbukta open til Zuiderzee fram til 1872 då Dei oransje slusene (Oranjesluizen) vart bygd. Då desse slusene stod ferdig var ikkje lenger Nordsjøkanalen og IJbukta lenger open til sjøen og ein kunne oppretthalde eit fast vassnivå.

Kanalen vart grave ut for hand og arbeidarane levde under forferdelege tilhøve. Dei budde i hytter bygd av kvister, drivved, torv og strå og sjukdom, slåssing og alkoholmisbruk var omfattande. [1]

1. november 1876 vart Nordsjøkanalen offisielt opna av kong Vilhelm III av Nederland. I løpet av åra etter har kanalen vorte utvida og gjort djupare fleire gonger.

Sluser[endre | endre wikiteksten]

Munningen og sluseen ved Nordsjøen.

Det er fire sluser med forskjellig storlei ved munngen ved Nordsjøen:

Namn Ferdigbygd Dimensjønar (L x B x D)
meter
Søndre 1876 110 x 20 x 8
Litle 1876 110 x 11 x 3,5
Midtre 1896 225 x 25 x 10
Nordre 1929 400 x 50 x 15

Kryssingspunkt[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete

Jernbanetunnelar (med næraste stasjon på kvar side):

Vegtunnelar, frå aust til vest:

  • Zeeburgertunnelen og Zeeburgerbrua
  • Zuiderzeeweg
  • IJtunnelen
  • Coentunnelen
  • Wijkertunnelen (del av motorvegen A9)
  • Velsertunnelen

I tillegg er det fleire ferjesamband over kanalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordsjøkanalen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Connie Braam, De Woede van Abraham, 2000, Amsterdam, ISBN 978 90 45702 223