Nordstrand bad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordstrand bad i 1910, med Ulvøysundet i bakgrunnen. Nedanfor restauranten var det åtskilde herre- og damebad i sjøkanten.

Foto: Oslo Museum, Byhistorisk samling

Nordstrand badNordstrand i Oslo er ein offentleg badeplass med ei badebryggje, eiga sandstrand og gangveg langs sjøen. Badeplassen ligg 200 meter sør for brua over til Ulvøya, med ein bratt asfaltert gangveg ned frå Mosseveien.

Nordstrand Vel passar på - og godtgjer elevane ved Nordstrand skule for å passa på området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nordstrand bad vart bygt kring 1890. Badet skulle mellom anna brukast av pasientane på sanatoriet Fageraas, men det vart òg bygt ein restaurant i samband med badet. Restauranten brann i 1914. Nordstrand bad hadde stortida si etter 1899. Då vart det utvida med teatersal, konsertsal, festivitetslokale, kjeglebane og rutsjebane. Badet hadde si eiga bryggje og heile sommaren var det dampskipssamband med byen fleire gongar om dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • LaStå nr 1/2005, Riksantikvaren