Nordvest-Argentina

Nordvest-Argentina (Noroeste Argentino) er ein geografisk og historisk region i Argentina som består av provinsane Catamarca, Jujuy, La Rioja, Salta, Santiago del Estero og Tucumán.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Nordvest-Argentina inneheld svært ulike biom, eller geografiske og klimatiske regionar. Frå vest til aust inkluderer desse regionane og landskap:
- Altiplano eller puna grassletter
- Høge fjellområde i Andes
- Valles Calchaquíes, fruktbare dalar
- Raudfarga steinkløfter og fjellovergangar
- Las sierras Subandinas, ei rekkje parallelle fjellkjeder som strekkjer seg i retning frå nordaust til sørvest, mellom den austlege fjellkjeda Cordillera Oriental og slettene i Chaco-regionen
- Tropisk til subropisk jungel eller yungas
- Og ei overgangssone (økoton) mellom yungas og Chaco-regionen.
Bortsett frå yungas-jungelen i den austlege delen av regionen, er dei einaste fruktbare områda dei som ligg nær elvedalane, som har vorte grundig vatna. Gjennom tusenår har erosjonskreftene frå desse elvane gradvis skapt ei mengd raude steinkløfter, som Quebrada de Humahuaca og Valles Calchaquíes.
Vest for desse dalane når Andesfjellas toppar høgder på over 6 000 meter, og Altiplano, eit omfattande platå på 3 500 meter, dominerer landskapet og strekkjer seg langt nordover inn i Bolivia og det sørlege Peru.
Nordvestre Argentina var ein del av inkariket frå ca. 1480.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Quebrada de Los Sosa (Tucumán)
-
Quebrada de las Conchas i Saltaprovinsen
-
Sti kalt El Pedemontano i yungas i Calilegua nasjonalpark
-
Ruinar av Tastil i Quebrada del Toro (Salta)
-
Erke, stort blåseinstrument
-
Shincal-ruinene, inka-arkeologiske park. (Catamarca)
-
Arita-kjegla i saltflata Arizaro, Salta
-
Acsibi-grottene nær Seclantás
-
Quebrada de Humahuaca, ei djup rille av tektonisk-fluvial opphav, betrakta som ein verdsarvstad
-
Serranía de Hornocal nord i Jujuyprovinsen
-
Ein inngang til Talampaya Canyon i Talampaya nasjonalpark sørvest i La Rioja
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Argentine Northwest» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2024
- ↑ «Argentinas_historie» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Argentina The Northwest» (på engelsk). Encyclopædia Britannica, Inc.