Nordvestlandet folkehøgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°56′34.7″N 7°51′17.3″E / 62.942972°N 7.854806°E / 62.942972; 7.854806

Nordvestlandet folkehøgskole
Høgtun folkehøgskole i april 2007.
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagd1917
Region/fylkeMøre og Romsdal
KommuneGjemnes
StadTorvikbukt
AdresseTorvikbukt, 6639 Torvikbukt
EigarNordmøre og Romsdal Indremisjon,
Normisjon Møre og Nordmøre krins av Misjonssambandet.
RektorBjarte Grøteide
Elevar96
Nettstadhttps://hogtun.no
Kart
Nordvestlandet folkehøgskole
62°56′35″N 7°51′17″E / 62.942972°N 7.854806°E / 62.942972; 7.854806

Nordvestlandet folkehøgskole (tidl. Nordmøre ungdomsskule og Høgtun folkehøgskole) er ein folkehøgskole i Gjemnes på Nordmøre. Den er i dag eigd av nordvestlandske krinsar av Normisjon, Norsk luthersk misjonssamband og Indremisjonsforbundet, og har ein internatkapasitet på 105 elevar. Skulen, som tok dagens namn i 2020, tilbyr linjefag innan idrett, friluftsliv og formingsfag. Skulen er tilknytta Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole, IKF, som er fellesorganet for dei kristne folkehøgskulane i Norge.

Skulen vart oppretta som en kristeleg ungdomsskule i 1917 og vart drive som folkehøgskule frå 1949 da ungdomsskular, amtsskular (fylkesskular frå 1919) og frilynte folkehøgskular vart omfatta eit sams lovverk for folkehøgskular, og i praksis vart eitt skuleslag.[1]

Etableringa[endre | endre wikiteksten]

Ideen om en kristeleg ungdomsskule på Nordmøre vart lansert av kyrkjesongar og lærar Anton T. Malme[2][3] på eit krinsmøte i KinamisjonenØre 17. og 18. juni 1917.[4] I etterkant av dette vart det kalla inn til eit samtalemøte i Totalsalen (avhaldslosjen) i Kristiansund den 29. juni. På dette møtet vart det sett ned ei arbeidsgruppe som bestod av Patrick Tveikra, Johan Slørdahl, Aslak Øyen og Ingvald Lyche. Arbeidsgruppa skulle jobbe vidare med å realisere skoleprosjektet. Det vart arrangert møte i Torvik bedehus 22. juli og 19. august. På det første møtet vart Olav Nilsen Grytli kalla til å bli den første styraren på skulen. På det andre møtet blei «Foreninga for Nordmør Ungdomsskule» stifta som første eigaren av skolen. Arbeidsgruppa gjekk inn i styret og vart forsterka med ytterligare seks mann. Det vart vedtatt at Torvikbukt skulle vere førebels skulestad, og at skuledrifta skulle starte allereie 15. oktober. Torvik bedehus på Vollan i Torvikbukt vart leigd ut som undervisningslokale, medan innkvartering og servering føregjekk på gardsbruka i bygda. Den første elevflokken var på 35 elevar.[2]

Skoleanlegget[endre | endre wikiteksten]

Høgtun tar form[endre | endre wikiteksten]

Allereie første skuleåret vart det bestemt at skulen skulle få permanent plassering i Torvikbukt, og våren 1918 bestemte styret å kjøpe branntomta etter styremedlem Ingvald Lyche sin gard, Løkkegarden. Bygginga av ein gymnastikksal starta den påfølgjande sommeren, og eit hus frå Blikåsen (Blikåshuset eller Blekkhuset) vart kjøpt og flytta ned til Torvikbukt. I ei avstemming vart «Høgtun» vald som namn på tunet, i konkurranse med «Høgheim» og «Uppheim». Undervisinga flytta over til Høgtun allereie hausten 1918. Det andre skoleåret vart prega av spanskesjuka. Mange på skolen vart sjuke, men ingen døydde. Løkkegarden vart først driven vidare i regi av skulen, men i 1921 vart Høgtun skild ut som ein eigen parsell, mens resten av Løkkegården vart seld tilbake til gardbrukarar i bygda.[5] I 1923 stod skulens første internatbygg ferdig, og for første gang kunne elevane ved skulen flytte inn på tunet. Fram til då hadde elevane budd på hyblar rundt på gardane i bygda.[2] Internatbygget vart seinere rekna som hovudbygget til skulen, og er av nokre kjelder omtala som den største trebygningen på Nordmøre.[6]

Kunst og arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Daglegstova i hovudbygget vart i 1931 dekorert av kunstmålaren Axel Fiske, som malte eitt motiv frå kvar av dei 16 dåverande kommunane på Nordmøre.[2] Fiske vart seinare ordførar i Frei kommune.[4] Eit stort mosaikkarbeid laga av Kalla Skrøvseth pryder frontveggen i gymnastikk- og festsalen. Dette var ei gåve frå elevlaget i samband med skulen sitt femtiårsjubileum.[4] Knut P. Bugge var arkitekten som vart engasjert då internatet Øvretun vart bygd i 1966–1967.[2] Bugge vart også brukt i 1965 som arkitekt for rehabilitering av hovudbygget frå 1923.[4]

Linjefag ved skulen i 2015:[endre | endre wikiteksten]

  • Aktiv hverdag - botrening
  • Crafts Create Nature
  • Dykking
  • Friluftsliv Catch Eat Survive
  • Friluftsliv Explore
  • Friluftsliv Topp 30
  • Hest Island
  • Idrett Ballsport
  • Idrett Friluft Allround
  • Idrett MaxPuls Fuerteventura
  • Klatring
  • Langrenn
  • Pudder Japan H2O
  • Topptur Telemark Alpint
  • Valgfagmix høst
  • Valgfagmix vår

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

Desse har vore rektorar for Nordmøre ungdomsskule (1917-1969), Høgtun folkehøgskole (1969-2020) og Nordvestlandet folkehøgskole (2020-):[4]

  • Olav Grytli (1917-1953)
  • Sverre Reiten (1953-1961)
  • Åsmund Eikli (1961-1970)
  • Tormod Reiten (1970-1999)
  • Edgar Fredriksen (1999-2016)
  • Bjarte Grøteide (2016-dd)
Nordvestlandet folkehøgskole på Høgtun i Torvikbukt i Møre og Romsdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Folkehøyskole». snl.no. Henta 18. oktober 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Reiten, Tormod (1968). Nordmøre Ungdomsskule 50 år. Nordmøre Ungdomsskule. 
  3. «Anton T. Malme». Henta 22.10.2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Ingvaldsen, Miriam Finset (2017). Med framtid og håp til ungdomen. Høgtun - ein sprek hundreåring 1917 - 2017. Høgtun folkehøgskole. 
  5. Leivdal, Nils Tore (1983). Gards- og ættesoge for Gjemnes. Bind 1. Gjemnes kulturstyre. s. 227. 
  6. Ola Stranden Andersen. «Gamlebygget - Høgtun folkehøgskole». Henta 20.10.2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]