Nordvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordvik var i tida 19171962 ein eigen kommune, utskilt 1. juli 1917 frå Herøy kommune, og omfatta sørdelen av øya Dønna, unntatt den aller sørlegaste delen med garden Åkvika, vidare øyane frå Skorpa sørover til og med Tranøya, og Vandve m.fl. øyar vest for Dønna.

1. januar 1962 vart Nordvik slått saman med det meste av Dønnes, Dønna-delen av Herøy med 19 innbyggarar, og den delen av øya Løkta som høyrde til Nesna med 80 til den nye Dønna kommune. Nordvik hadde før samanslåinga 1 293 innbyggarar.

Nordvik har og vore eit sokn, først i Herøy prestegjeld, frå 1962 i Dønna prestegjeld. Nordvik kyrkje vart innvigd i 1871. Til soknet høyrde òg Hæstad kyrkje, bygd 1913. På slutten av 1990-talet vart alle sokna i Dønna kommune slått saman til eitt.

Mellom Dønnes og Nordvik går eit dialektskilje mellom Vefsnmål og Ranværing, dette er tydelegast i svake hokjønnsord — i Dønnes seier folk jenta og mora, i Nordvik seier dei jento og moræ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]