Nordvik skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordvik skole

Nordvik skole er ein barneskule for 1. til 7. klasse i Fana i Bergen kommune. Skulen ligg i Nordvik nær kommunegrensa til Os kommune.

Skulen vart bygt i 1984 og var teikna av arkitekt Steinar Enehaug.

Skulen er ein grendaskule og er fådelt, som regel i tre delar med 1. og 2. trinn, 3. og 4. trinn og 5.-7. trinn i saman. Skulen har kring 50 elevar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]