Nore stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°9′51.998″N 9°0′37.976″E

Nore stavkyrkje
kyrkje
P1020700.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Kongsberg
Sokn Nore
Fellesråd Nore og Uvdal
Periode mellomalderen
Teknikk stavverk, laft
Material tre
Innvigd seint 1100-tal
 - Endringar bygd om til krosskyrkje
Sitjeplassar 150
Wikimedia Commons: Nore stavkirke

Nore stavkyrkje er ei krosskyrkje av midtmasttypen, truleg opphavleg bygd som ei einskipa stavkyrkje (langkyrkje), i Nore i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Det er vanleg å datera stavkyrkja til slutten av 1100-talet. Delar av konstruksjonen har blitt årringsdatert til 1167. Kyrkja har kraftig preg av renessanse og rokokko.

Stavkyrkja har 150 plassar, og tilkomst er via fylkesveg 116 og fylkesveg 40.

Bygget[endre | endre wikiteksten]

Skipet er rektangulært bygd i stavverk. Koret og tverrfløyene er i laft. Tverrfløyene kan ha hatt avsluttande apsidar og små tårn, mens skipet hadde eit større tårn. Det mest unike med kyrkja er at ho alt i mellomalderen ser ut til å ha blitt bygd om til krosskyrkje. Det finst ingen parallellar. Opphavleg var ho ei einskipa stavkyrkje av midtmasttypen. Ho har ein krossforma grunnplan, våpenhus og sør- og nordfløy. Koret er i same breidd som skipet. Kyrkja har ein åttekanta takryttar.

Det er gjort ei rekkje ombyggingar. Fløyene blei bygde om i 1709 og 1714, og koret utvida i 1683. Kyrkja fekk våpenhus i 1723 og midt på 1700-talet blei det bygd sakristi.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Nore stavkyrkje i 1927 (foto: Anders Beer Wilse)

Kyrkja har ein krossforma grunnplan med seksten stavar i midtskipet og fløyene. Midt i skipet står ei kraftig søyle med terningkapitel.

Kyrkja er bygd med galleri. Veggar, galleri og søyler blei måla i sterke fargar i 1655.

I 1888 kjøpte Lorentz Dietrichson kyrkja og gav ho to år seinare til Fortidsminneforeningen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anker, Leif Middelalder i tre, Stavkirker i Kirker i Norge bind 4, Oslo 2005, ISBN 82-91399-16-6
  • Anker, Peter, Stavkirkene deres egenart og historie, Oslo 1997, ISBN 82-02-15978-4
  • Dietrichson, L., De norske Stavkirker, Kristiania 1892

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]