Melodi Grand Prix 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melodi Grand Prix 1985
Bobbysocks (11096943775).jpg
Dato
Finale 30. mars 1985
Vertskap
Finale Chateau Neuf, Oslo
Programleiar Rita Westvik
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «La det swinge»
Artist Bobbysocks
Resultat i Eurovision Song Contest 1985
Finalepoeng 123
Finaleplass 1.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1984 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1986

Melodi Grand Prix 1985 var den 25. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 30. mars 1985 som blei arrangert i Chateau Neuf i Oslo. Vinnarlåten blei «La det swinge», framført av Bobbysocks og skriven av Rolf Løvland. Duoen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Göteborg, der «La det swinge» vann med 123 poeng. Dette var Noregs første siger i Eurovision Song Contest.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei arrangert i eit strengt vakta Chateau Neuf i Oslo laurdag 30. mars. Rita Westvik var programleiar og losa publikum og tv-sjåarar gjennom sendinga. Eit 19-mannsorkester under leiing av Terje Fjærn akkompagnerte dei ti finalelåtane. Koret bestod av Per Øystein Sørensen, Kari Gjærum, Håkon Iversen og Anne-Marie Giørtz.[1]

NRK heldt ingen open innsendingstevling dette året, men sette i staden ned ein eigen komité beståande av Kari Gjærum, Jan Eggum, Lasse Hafreager, Sigurd Jansen og Jan Erik Kongshaug. Komiteen plukka ut ti norske komponistar og inviterte dei til å sende inn bidrag til Melodi Grand Prix.

Jahn Teigen hadde òg ei sentral rolle i sendinga, både som programleiarassistent og som pauseunderhaldar, der han framførte ein potpurri av tidlegare Melodi Grand Prix-låtar.

Til å avgjere det heile hadde NRK henta inn fire fagdommarar frå utlandet. Kvar fagdommar gav eitt sett med poeng, det same gjorde fem distriktsjuryar. Førehandsfavorittane var Anita Skorgan og Bobbysocks, og det var nettopp desse to bidraga som kjempa ein hard kamp om sigeren.[2] Medan Skorgans «Karma» var favoritt hos fagdommarane, var «La det swinge» favoritten hos distriktsjuryane. Til slutt vann Bobbysocks – som bestod av Hanne Krogh og Elisabeth Andreasson. Dei vann også den internasjonale finalen – Norges første siger.

Hovudartikkelen for dette emnet er Eurovision Song Contest 1985.


Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
1 «Ring ring ring» Pastel Pete Knutsen Marianne Mørk 66 3
2 «Gammel drøm» Bjørn Eidsvåg Bjørn Eidsvåg 44 7
3 «Oh-la-la» Zaz Amund Enger 27 9
4 «Love, amour og kjærlighet» Kai Eide Kai Eide 22 10
5 «II & II» Rolf Graf Rolf Graf B.A. Olsen (pseudonym) 50 5
6 «Karma» Anita Skorgan Anita Skorgan Lars Kilevold 74 2
7 «La det swinge» Bobbysocks Rolf Løvland 80 1
8 «Nattergal» Mia Gundersen og Olav Stedje Jonas Fjeld Astor Andersen 56 4
9 «Livet har en sjanse» Hilde Heltberg Hilde Heltberg Stein Gulbrandsen 49 6
10 «Si det, si det» Silje Nergaard Silje Nergaard 36 8

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Resultatet blei avgjort av fem distriktsjuryar og fire fagdommarar: plateprodusenten Tony Visconti, Eurovision-vinnaren Anne-Marie David, musikkforleggjaren Stikkan Anderson og BBC-dirigenten Ronnie Hazlehurst. Kvar dommar og jury gav 1–9 og 11 poeng til finalelåtane. Røystinga var spennande, og i starten blei det eit tett laup mellom «II & II», «Karma» og «La det swinge». Etter Anne-Marie David sine poeng drog «Karma» og «La det swinge» frå, og dei to melodiane følgde kvarandre tett ut avstemminga. Til slutt vann «La det swinge». Etter at Ronnie Hazlehurst hadde gitt røystene sine, spurde programleiar Westvik om han trudde «La det swinge» ville vinne Eurovision. «I'm afraid not», svarte den rutinerte dirigenten.[1]

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. Totalt
1 «Ring ring ring» 3 7 9 7 9 5 9 8 9 66
2 «Gammel drøm» 4 4 3 8 3 9 2 5 6 44
3 «Oh-la-la» 2 1 1 4 5 4 3 6 1 27
4 «Love, amour og kjærlighet» 1 3 4 3 1 3 1 3 3 22
5 «II & II» 9 9 5 2 6 6 7 2 4 50
6 «Karma» 6 11 8 11 4 11 4 11 8 74
7 «La det swinge» 7 8 11 9 11 8 6 9 11 80
8 «Nattergal» 5 6 7 6 2 7 11 7 5 56
9 «Livet har en sjanse» 8 5 6 5 8 1 8 1 7 49
10 «Si det, si det» 11 2 2 1 7 2 5 4 2 36

Dette var juryane: 1. Tromsø, 2. Tony Visconti, 3. Steinkjer, 4. Anne-Marie David, 5. Elverum, 6. Stikkan Anderson, 7. Porsgrunn, 8. Ronnie Hazlehurst og 9. Stavanger.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Avgjerda om å berre invitere spesielt utvalde komponistar vekte harme i delar av det norske musikarmiljøet. Grand Prix-veteranen Arne Bendiksen og to medarrangørar drog derfor i gong ei alternativ songtevling, Pop Festival 1985, ei dryg veke før den norske finalen. «Det er for galt at NRK velger å holde en lukket norsk Melodi Grand Prix-konkurranse, hvor bare ti personer er invitert til å delta. Hva med alle dem rundt om i landet som har ting å bidra med?» sa Arne Bendiksen til Aftenposten.[3]

Det var eit uvanleg stort tryggingsregime rundt den norske finalen i dagane før sendinga. På finaledagen slo VG opp på førstesida at Chateau Neuf blir vakta som ei festning av sivile vakter, politi og hundar. Avisa kommenterte at all trygginga til og med var høgare enn finalen i Jerusalem i 1979. NRK forklarte at trygginga var av omsyn til dekoren, artistane og arbeidsroa.[4]

Merethe Trøan var ein av medlemmane i gruppa Pastel som framførte «Ring, ring, ring». Ho vann Melodi Grand Prix i 1992 og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Malmö same år.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Melodi Grand Prix 1985 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 30. mars 1985. Besøkt 30. juli 2016.
  2. «Favorittene». Verdens Gang. 30. mars 1985. s. 57.
  3. Dalland, Sverre (2. mars 1985). «Alternativt norsk Melodi Grand Prix». Aftenposten. s. 8.
  4. «Grand Prix-festning». Verdens Gang. 30. mars 1985. s. 1 og 56.