Norges Kommunistiske Parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Noregs Kommunistiske Parti)
Norges Kommunistiske Parti

LandNoreg
Partileiar(ar)Runa Evensen
Grunnlagt4. november 1923
ForgjengarArbeidarpartiet
HovudkvarterOslo
Ideologimarxisme-leninisme, kommunisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstreekstremisme
SlagordFolkemakt mot pengemakt!

Norges Kommunistiske Parti NKP blei danna 4. november 1923 av det mindretalet på landsmøtet i Det norske Arbeidarpartiet DNA som framleis ville vere medlemmer i den kommunistiske Tredje Internasjonalen. Kommunistane[1] var i mindretal i arbeidarrørsla, men var til å begynne med eit betydeleg mindretal, med større oppslutning enn Ap til dømes i Bergen. Den leiande politikaren i NKP på 1920-talet var den moderate Olav Scheflo.

Da Josef Stalin hadde tatt all makt i det sovjetiske kommunistpartiet, slo det inn på ein ekstrem "venstre"-kurs på slutten av 1920-talet, blant anna med den berykta "sosialfascisme"-tesen der andre sosialistar blei gjorde til hovudfiende, og parole om å bekjempe "reformistiske" fagforeiningar. Dette førte til minka oppslutning om NKP, og til at fleire av partiet sine leiande politikarar, mellom dei Olav Scheflo, gjekk ut av partiet og inn i Ap. På 1930-talet hadde NKP nesten inga oppslutning i val, men spelte ei viss rolle i konkrete saker som solidaritetskampanjen for Spania under den spanske borgarkrigen.

Bauta på Nordre gravlund i Oslo, til minne om 23 medlemmer av sentralkomiteen i NKP som vart offer i den antinazistiske motstandskampen 1940-45. Skulpturen er laga av Odd Hilt.

Under okkupasjonen 1940-1945 gjekk NKP under leiing av Peder Furubotn inn for aktiv væpna motstand mot okkupasjonsmakta og NS-styret. NKP-medlemmene Ragnar Solli og Asbjørn Sunde og deira "gjengar" var blant dei fremste sabotørane i heile den norske motstandsrørsla. NKP leid store tap, både i kamp og ved at mange leiande kommunistar blei torturerte i hel eller avretta av nazistane.

Denne innsatsen for Noregs fridom førte til sterkt auka støtte for partiet. Ved valet i 1945 fekk NKP over 11 % av stemmene.

Men under den kalde krigen minka oppslutninga igjen, både fordi partiet insisterte på sitt nære samband med Det sovjetiske kommunistpartiet, og på grunn av eit veldig press frå styresmaktene og heile det etablerte Noreg mot dei, der dei blei skulda for å førebu landssvik i tilfelle konflikt med Sovjetunionen. Det er no kjent at i denne perioden hadde ulovleg overvaking og ulovleg samband mellom dei hemmelege tenestene og regjeringspartiet Ap eit relativt stort omfang (jf. Lund-kommisjonen).

I 1949 blei NKP også splitta, da Furubotn og tilhengarane hans blei ekskluderte (utestengde) frå partiet, skulda for å vere "titoistar".

Under leiing av Reidar T. Larsen begynte NKP på slutten av 1960-talet å frigjere seg frå bindinga til Sovjetunionen, og tok til dømes klart avstand frå invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968. Men berre eit mindretal i partiet følgde Larsen inn i Sosialistisk Venstreparti da det blei danna som eit sosialistisk samlingsparti i 1975.

Etter den tid har NKP gått tilbake til ein tradisjonell, nostalgisk kommunisme, og partiet er lite og ubetydeleg, bortsett frå i eit par kommunar der dei spelar ei lokal rolle. NKP gir ut avisa Friheten, og ungdomsforbundet heiter Norges Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU).

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Oppslutning ved stortingsval 1924-2005[endre | endre wikiteksten]

Valbu i Oslo før stortingsvalet i 2009.
NKP i fyrstemaitoget i Trondheim i 2013.
Årstal Prosent av røystene Antal stortingsrepresentantar
1924 6,1% 6
1927 4,0% 3
1930 1,7% 0
1933 1,8% 0
1936 0,3% 0
1945 11,9% 11
1949 5,9% 0
1953 5,1% 3
1957 3,4% 1
1961 2,9% 0
1965 1,4% 0
1969 1,0% 0
1973 ¹
1977 0,4% 0
1981 0,3% 0
1985 0,2% 0
1989 ²
1993 0,01%
1997 0,08% 0
2001 0,07% 0
2005 0,04% 0

¹ Ved dette valet stilte ikkje NKP eigne lister, men var med i Sosialistisk Valforbund.
² Ved dette valet stilte ikkje NKP eigne lister, men var med i Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Med «kommunistane» er her meint NKP, sjølv om også Ap kalla seg kommunistisk fram til ca. 1927. Ungdomsorganisasjonen til Ap, Norges Kommunistiske Ungdomsforbund, følgde NKP ved kløyvinga, og Ap-ungdommen kalla seg frå 1923 til 1927 Venstrekommunistisk Ungdomsfylking (no Arbeidernes Ungdomsfylking AUF).