Noregs Ungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med om lag 14 000 medlemmer i nær 400 lokallag i heile Noreg.  Laget har vore ei viktig del av ungdomsrørsla, målrørsla og norskdomsrørsla gjennom historia.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Prinsipprogram[endre | endre wikiteksten]

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag er bygd kring seks kjerneverdiar, som ligg til grunn for politikken til organisasjonen:

1. Frilynd[endre | endre wikiteksten]

Det frilynde miljøet er basert på toleranse, og omgrep som menneskeverd og likeverd står derfor sentralt i Noregs Ungdomslag. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn.

2. Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Den folkelege kulturen slik han t.d. kjem til uttrykk i dans, teater, handverkstradisjonar og språk, utgjer viktige delar av det kulturelle mangfaldet. Tradisjonane har fleire kvalitetar, og ei drøfting av desse kvalitetane er ein sentral del både av tradisjonen i seg sjølv og identitetsdanninga knytt til kulturen. Noregs Ungdomslag skal medverke til levandegjering, formidling og vidareutvikling av folkelege kulturuttrykk.

3. Nyskapande[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag trur på humor, kreativitet, galskap, fantasi og mot som viktige verkemiddel både i organisasjonen og i samfunnet. Ungdomslaget skal vere opne arenaer for kreative tankar og idear til ny aktivitet.

4. Generasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er ein verdi i seg sjølv at menneske møtast til felles aktivitet på tvers av generasjonane, og dette er ein viktig del av ein folkeleg opplærings- og utviklingstradisjon. Møtestadene i Noregs Ungdomslag er opne for alle generasjonar, og aktivitetane er retta mot menneske i alle aldrar. Ein del av aktivitetane i ungdomslaga skal likevel vere retta mot særskilde målgrupper, og ein vil særleg legge vekt på barn og ungdom.

5. Rusfri samværskultur[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag har ein aktiv og positiv samværskultur. Dei rusfrie møtestadene i ungdomslaga skaper trygge og inkluderande miljø.

6. Samfunnsengasjement[endre | endre wikiteksten]

Gjennom skulering og deltaking i demokratiske prosessar i ungdomslaga, skal medlemmane utvikle seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske. Ungdomslaget har ei viktig rolle for mennesket, lokalmiljøet og storsamfunnet, og skal vere aktiv i arbeidet for å medverke til gode og livskraftige lokalsamfunn i bygd og by.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag vart skipa på eit møte i Turnhallen i Trondheim 11.-12. juli 1896. Det møtte 18 representantar frå sju fylkeslag (den gong «fælleslag»): Eidsiva (Austfold og Akershus), Romsdal, Inntrøndelag, Telefylket, Aust-Agder, Sunnmøre og Breidablikk (N. Østerdalen, Røros og Ø. Gauldalen). Peter Slotsvik vart vald til den første leiaren.

Namnet kom den første tida til å veksle mellom Det norske ungdomslaget og Norges Ungdomslag før det i 1897 blei fastsett til Norigs Ungdomslag. I 1922 blei namnet endra til Noregs Ungdomslag.


Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen har om lag 14 000 medlemer i 21 fylkeslag og nær 400 lokallag. Mange av bylaga heiter bondeungdomslag, men størstedelen av laga heiter ungdomslag. Andre vanlege lagsnamn er leikarring, teaterlag eller folkedanslag. I Oslo er det ein del bygdelag som er med i organisasjonen og har namn etter ulike regionar, som t.d. Numedalslaget, Håløyglaget, Hallinglaget m.fl. Fylkeslaga går under namn som ungdomslag, ungdomsfylking, ungdomssamlag, samskipnad eller berre fylkeslag.

I organisasjonen finst det om lag 300 ungdomshus, og nokre lag driv lagsbruk med m.a. hotell (ofte under namnet Bondeheimen) og kaffistover.

Laget er styrt av eit styre med ein leiar, to nestleiarar (politisk og organisatorisk), fire styremedlemmar.

Mette Vårdal er leiar, og Kai Roger Vatne er generalsekretær.[1]

Fylkeslag[endre | endre wikiteksten]

  • Aust-Agder Ungdomslag
  • Bygdelagssamskipnaden (Oslo og Akershus)
  • Eidsiva fylkeslag (Østfold)
  • Finnmark Ungdomslag
  • Hordaland Ungdomslag
  • Hålogaland Ungdomslag (Nordland sør for Salten)
  • Inntrøndelag Ungdomssamlag
  • Naumdøla Ungdomslag
  • Nordland Ungdomsfylking (nord for Salten)
  • Nordmøre og Romsdal Ungdomslag
  • Oppland Ungdomslag
  • Rogaland Ungdomslag
  • Sogn og Fjordane Ungdomslag
  • Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag
  • Sør-Trøndelag Ungdomslag
  • Telemark Ungdomslag
  • Troms Ungdomsfylking
  • Valdres Ungdomslag
  • Fylkeslaget Varden (Hedmark utanom Østerdalen)
  • Vest-Agder Ungdomslag
  • Østerdal Ungdomslag

Laga i Buskerud, Orkdal og Vestfold står utan fylkeslag og er beinvegs innmelde i NU.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Aktiviteten i lokallaga er særs variert, men folkedans og amatørteater er sentrale aktivitetar. Døme på andre aktivitetar er kor, idrett, ungdomsklubb, målsak, kinodrift og mykje meir.

Tilskipingar[endre | endre wikiteksten]

Kvar sommar skipar Noregs Ungdomslag til ein sommarleir for ungdom i alderen 13-26 år. På sommarleiren er det ulike kurs i m.a. teater, dans og musikk.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

1896-99 Peter Slotsvik

1899-01 Sven Moren

1901-02 Haakon Åsvejen (Klaus Sletten fungerte)

1902-06 Klaus Sletten

1906-15 Nikolaus Gjelsvik

1915-19 Sven Moren

1919-26 Olav Midttun

1926-36 Halvdan Wexelsen Freihow

1936-47 Knut Eik-Nes

1947-55 Vegard Sletten

1955-59 Knut Hauge

1959-61 Gunnar Jakobsen

1961-64 Tor Halle

1964-68 Bøye Skeie

1968-72 Arne Kløvjan

1972-74 Egil Ytrearne

1974-76 Ottar Vandvik

1976-78 Knut Jacobsen

1978-81 Nils Seland

1981-83 Jakob Bjerkem

1983-86 Unni Fortun

1986-89 Kjærsti Evjen

1989-91 Leif Inge Underdal

1991-94 Berit Nergård Nyre (Troms Ungdomsfylking)

1994-96 Bjørnar Borvik (Romsdal Ungdomssamlag)

1996-98 Anders Gjerland (Sogn og Fjordane Ungdomslag)

1998-00 Sven Ivar Skodjevåg (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag)

2000-04 Johan Einar Bjerkem (Bygdelagssamskipnaden)

2004-05 Åge Avedal (Sogn og Fjordane Ungdomslag)

2005-09 Gunhild Berge Stang (Sogn og Fjordane Ungdomslag)

2009-12 Kristian Fjellanger (Oppland Ungdomslag)

2012-16 Endre Kleiveland (Hordaland Ungdomslag)

2016-  Mette Vårdal (Oppland Ungdomslag)

Tradisjonelt har leiaren, tittelen formann.

Samarbeidsorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Noregs Ungdomslag har eit breidt engasjement og samarbeidar og/eller er medlemsorganisasjon i ei rekkje andre organisasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstadar
Litteratur
  • Kløvstad, Jan (m.fl.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, Oslo : Samlaget, 1995.
  • Moren, Sven og Edvard Os: Den Frilynde Ungdomsrørsla - Norigs Undomslag i 25 år, Oslo : Norigs Ungdomslag, 1921.
  • Moren, Sven: I Vårvinna - 30 år i ungdomslaget, Oslo : H. Aschehoug & co, 1930.
  • NU i Allkunne.no